For dei 250 ungdommane frå Natur og Ungdom og for gjestane på folkefest for Førdefjorden klargjorde politikarane sitt standpunkt i fjorddeponisaka. Jenny Følling (Sp): Tja. Ingunn Kandal (Rødt): Nei. Tore Storhaug (Krf): Nei. Trine Skei Grande (V): Nei. Audun Lysbakken (SV): Nei. Frank Willy Djuvik (Frp): Ja. Rasmus Hansson (MDG): Nei. Hilmar Høl (Ap): Ja. Bjørn Lødemel (H): Ja. Foto Britt Glosvik
For dei 250 ungdommane frå Natur og Ungdom og for gjestane på folkefest for Førdefjorden klargjorde politikarane sitt standpunkt i fjorddeponisaka. Jenny Følling (Sp): Tja. Ingunn Kandal (Rødt): Nei. Tore Storhaug (Krf): Nei. Trine Skei Grande (V): Nei. Audun Lysbakken (SV): Nei. Frank Willy Djuvik (Frp): Ja. Rasmus Hansson (MDG): Nei. Hilmar Høl (Ap): Ja. Bjørn Lødemel (H): Ja. Foto Britt GlosvikBritt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Deponivalkamp ved fjorden

Debatten om deponi i Førdefjorden kjem til å påverke valresultatet neste månad, trur lokalpolitikarane. I helga kom rikspolitikarane til distriktet for å drive valkamp.

VEVRING

– Det er ikkje det grann giftig, det berre drep.

Kulturarbeidar Fridtjof Urdal, har aldri lagt skjul på kva han meiner om eit deponi av gruveavfall i Førdefjorden. Det gjorde heller ikkje enkelte av politikarar som var samla til valkampopning denne helga.

250 ungdommar frå Natur og Ungdom og eit ukjent tal langt- og kortreiste gjestar var samla til valkampopning og folkefest for Førdefjorden denne helga.

På skuleplassen i den vesle bygda har Natur og Ungdom rigga til stortelt og scene, ved sidan av har lokalpolitikarane stilt seg opp med velsmurte og reine argument. Side om side står representantar frå Venstre, SV, Ap og Høgre og smiler. Ved inngangen til skuleplassen står ei uryddig gruppe ungdommar som er her på sommarleir.

Inga Steen, som er medlemsskretær i Natur og Ungdom, skal vere her i fem dagar. Ho og dei andre ungdommane er med på protestpadling, tur til hjortefarm og på turar til det omstridte Engebøfjellet.

Saman med Greenpeace skal dei også trene på lenking og bruk av flytevestar.

Ho håpar at denne markeringa kan skape debatt både her og i andre delar av landet før valet.

– Sjølv om regjeringa har sagt sitt, så er det ikkje for seint. Vi kjem til å kjempe mot deponiet heilt fram til vi vinn.

– Saka samlar

Under ein raud teltduk står Naustdal SV sin Ole Erik Thingnes. Han fortel at i bygda Vevring er folk kraftig i mot fjorddeponiet. – Saka er meir samlande enn splittande her.

Men like bortanfor står Erlend Herstad som dei to siste åra har site fast for Senterpartiet i kommunestyret i Naustdal. Han er også Sp sin ordførarkandidat. Han fortel at det er lite snakk om Engebø og gruvedeponiet lengre inn i bygda. Men han trur at gruvedebatten heilt sikkert kjem til å påvirke valresultatet.

– Folk engasjerer seg og blir på grunn av denne saka også interessert i andre saker.

Herstad sjølv er for både gruvedrift og fjorddeponi, men skulle gjerne sett at kommunen fekk meir att i form av ei deponiavgift.

– Dette er ei prosjekt for framtida, men det er ikkje klokt å forhaste seg heller, seier han.

– Grønt maktskifte er viktigast, seier Øystein Garfors (V), som stikk hovudet inn frå sidelinja, akkurat i det Venstre-leiar Trine Skei Grande kjem inn på skuleplassen. Ho fortel til Kommunal-Rapport.no at dette er ei av dei viktigaste sakene for partiet.

– Berre informasjon

Helge Leif Nordvik har tidlegare site to periodar for Ap i kommunestyret i Naustdal. Han er skeptisk til gruvedeponiet og meiner og at tida er inne for at ein må skape noko nytt. Han ser heller føre seg turistskip på fjorden enn gruvedeponi i den.

I motsetnad til ordførar Håkon Myrvang (Ap).

– De har mista støtte både frå partikameratar i nabokommunane Førde og Florø. Kjenner de i Naustdal Ap på einsemd i denne saka?

– Nei, vi kjenner oss ikkje aleine. Men vi forstår frykta. Det handlar om kunnskap og informasjon. Gruvedrifta er kjempeviktig både for regionen og landet, seier Myrvang.

Tidlegare i sommar fekk ordføraren pepar av Ole Erik Thingnes (SV) og jussprofessor Jan Fridthjof Bernt for å ha skrive alt innhaldet sjølv i kommunen si informasjonsavis som blir delt ut til innbyggjarane. Trass denne kritikken hevdar ordføraren på arrangementet til Natur og Ungdom i Vevring framleis at innhaldet i K-posten berre er rein faktainformasjon.

– Det heng ikkje på greip

Talsperson for Førdefjorden miljøgruppe, Anne Førsund Thingnes, seier at det ikkje heng på greip å dumpe 250 tonn kjemisk avfall i fjorden.

– Korleis trur du saka vil påverke valkampen framover?

– Dette er den største saka i Sunnfjord. Velgjarane har ikkje tidlegare fått moglegheit til å gi sitt mandat - no har dei den moglegheita. Valet står mellom Sunnfjord og Usunnfjord, seier Førsund Thingnes.

Frank Willy Djuvik (Frp) trur at gruveprosjektet heilt sikkert blir noko av og at eit sjødeponi er mest skånsomt for miljøet.

– På 50 år kjem miljøteknologien til å utvikle seg og det er viktig å skape nye arbeidsplassar.

I panelet

Ein frisk paneldebatt med deltakarar både frå lokalpolitikk og rikspolitikk klargjer både for dei 250 deltakarane på sommarleiren og alle dei frammøtte gjestane kva standpunkt partia har teke i denne omstridte saka.

Mest jubel får Venstres Trine Skei Grande då ho kallar sjødeponiet for så forbaska syttitals. Like etter klinkar Krf sin representant i panelet til med å gå enno hundre år tilbake. – Det er så 1870, seier Tore Storhaug.

Høgres Bjørn Lødemel prøver å ro seg i land att med argumenter om dei store verdiane som kan ligge i steinmassene som skal sleppast ut i fjorden, etter det lite populære utsagnet sitt om at han kunne sjå få negative konsekvensar sidan det kom til å bli 200 meter rein sjø over deponiområdet. Men han får lite applaus.

Etter debatten møter vi Eva Marie Halvorsen utanfor storteltet. Ho har site 20 år i kommunestyret for Høgre i Førde og har også vore varaordførar. Ho meldte seg ut av partiet etter regjeringsvedtaket i vår om å tillate fjorddeponi.

– Dette handlar om integritet, seier ho. Eg må kunne forsvare det partiet står for, men det kan eg ikkje i denne saka. Eg kjenner ikkje att partiet. Deponisaka var det som fekk begeret til å flyte over.

– Men eg trur det blir nokre endringar etter valet.