«Det vart ikkje så verst, men aller mest hadde eg ønska at vi skulle få budsjett for menneska», skriv @fylkespolitikar. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas, NTB scanpix
«Det vart ikkje så verst, men aller mest hadde eg ønska at vi skulle få budsjett for menneska», skriv @fylkespolitikar. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas, NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Budsjett for handlingar

@fylkespolitikar har vore i budsjettforhandlingar og innløyst valkampløfte, vedtatt investeringar og gjort kutt.

Eg har vore i budsjettforhandlingar

Om spalta

@fylkespolitikar er ein twitterkonto som er ein litterær karakter skapt av ein ekte fylkespolitikar og skribent, og som gir oss eit skråblikk på fylkeskommunen og demokratiet.

@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport.

Eg gjorde mitt beste for at det skulle verte

Budsjett for handlingar

 

Det vart

Dyrt

 

Det vart

Budsjett med innløysing av mest alle valkampløfte

 

Det vil seie

 

Budsjett for IKT

Budsjett for ferjeruter

Budsjett for TT-transport

Budsjett for kontrollorgan

Budsjett for skuleutvikling

Budsjett for dekkefornying

Budsjett for fylkesbiblioteket

Budsjett for kompetanseheving

Budsjett for trygging av skuleveg

Budsjett for klimapolitiske satsingar

Budsjett for den kulturelle skulesekken

Budsjett for satsing på vekslingsmodellen

Budsjett for realvekst i kollektivtrafikken

Budsjett for miljøarbeidarar og helsesystrer

Budsjett for mindre regionale forskjellar i fylkestannrøkta

Budsjett for diverse sektoruavhengige utgifter og inntekter

Budsjett for investeringar i vidaregåande skule og fylkesveg

Budsjett for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane

 

Det vart og

 

Budsjett med høg eigenkapitalandel i investeringane for å unngå høge finanskostnadar

Budsjett med reduksjon i innovasjon og by- og tettstadutvikling

Budsjett med kutt i fellesområde og sentrale styringsorgan

Budsjett med reduksjon i driftskostnadane

Budsjett med kutt i folkehelsetiltaka

Budsjett med dårleg samvett

Budsjett med eit slags håp

Budsjett med tru

 

Det vart ikkje så verst

 

Men aller mest hadde eg ønska

at vi skulle få

 

Budsjett for menneska