Kunstgrasbana i Høyanger er varma opp med fjernvarme frå aluminiumsverket. Dette er eit av tiltaka som gjer at Høyanger hamnar på topp på miljø i Kommunebarometeret. Foto: Høyanger kommune
Kunstgrasbana i Høyanger er varma opp med fjernvarme frå aluminiumsverket. Dette er eit av tiltaka som gjer at Høyanger hamnar på topp på miljø i Kommunebarometeret. Foto: Høyanger kommune
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Seglar til topps med moderne teknologi

Høyanger har renovert barnehagar, skular og rådhus med moderne teknologi. Dette har lønt seg. Sjølv om kommunen berre ligg midt på tabellen i Kommunebarometeret totalt, hamnar den øvst på miljøpallen.

Ein av årsakene til at Høyanger har hamna på topp på miljø for andre år på rad er at energikostnadane er svært låge. Kommunen har renovert både barnehagar, skular og rådhus dei siste åra og er oppteken av å bruke moderne teknologi, som fjernvarme. Men dei kommunale bygga er relativt store målt mot innbyggjartal. Dei siste ti åra har folketalet i Høyanger gått ned med om lag 300 personar. Det går 330 elevar på Høyanger skule.

– Vi kan ikkje akkurat rive etasjar på skulen sjølv om det blir færre elevar, seier rådmann Arve Varden.  

Kjeldesortering

Alle dei vel 4.000 innbyggjarane i kommunen er knytt opp mot anlegg der reinsekrava er oppfylt. Kjeldesortering er ein sjølvfølge. Høyanger er tilknytt SIMAS, Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap.

– Sjølv sorterer eg restavfall, mat, papir og plast, seier rådmannen.

På eigen stasjon kan innbyggjarane levere blant anna tre- og hageavfall, gjenbruksting og farleg avfall.

– Høyanger brukar mykje pengar på posten «rekreasjon i tettstadar». Kva betyr det?

– Vi har ein stor symjehall med internasjonale mål og med utebasseng som er ope frå mai til september. All oppvarming av bassenga skjer via fjernvarme frå aluminiumsverket. Vi har også eit stort idrettsanlegg med oppvarma kunstgrasbane, seier Varden.

Høyanger er også oppteken av å legge til rette med naturstiar for at innbyggjarane lettare kan bruke naturen. Ein miljøvernleiar som arbeider med helse, miljø og trivsel er tilsett i 100 prosent stilling.

– Kva med kloakkreinsing og gamle røyr?

– Dei næraste åra må kommunen bruke mykje pengar på oppgradering av kloakknettet. Eg må overtyde politikarane om at vi no framover må bruke pengar på ting vi ikkje ser, seier Varden.