Nær halvparten av førstegongsveljarane røysta ved kommunestyrevalet i haust. For fire år sidan var det berre ein av tre som nytta røysteretten.
– Det gir meg håp for framtida, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
Ved førre kommuneval stemte berre 33 prosent av førstegongsveljarane. Ved valet i fjor haust auka oppslutninga mellom ungdommane med 13 prosentpoeng til 46 prosent.
Forskarane Johannes Bergh og Guro Ødegård ved Institutt for Samfunnsforskning legg vekt på hendingane 22. juli som ein viktig grunn at valdeltakinga auka så sterkt blant dei yngste.