Få kommunar veks så raskt som Time. Her bilete frå kommunesenteret Bryne. Arkivfoto: Hung Ngo
Få kommunar veks så raskt som Time. Her bilete frå kommunesenteret Bryne. Arkivfoto: Hung Ngo
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Aukar resultatet i vekstkommune

Time veks raskt – men trass auka finansutgifter skal netto driftsresultat bli langt betre neste år, syner budsjettframlegget frå rådmannen.

Rådmann Brit Nilsson Edland la tysdag fram forslaget til budsjett og økonomiplan for 2015–18. “Trygg og framtidsretta” er tittelen på dokumentet. Målt i netto driftsresultat ønskjer i alle fall administrasjonen å ha trygg økonomisk styring; resultatet skal bli langt betre i 2015 enn kva rådmannen la inn i økonomiplanen i noverande periode.

Med ein vekst i folketalet på heile 2,7 prosent i snitt dei siste åra er Time ein av kommunane som vinn på at regjeringa aukar veksttilskotet neste år. For Time tyder det aleine 8,6 millionar kroner meir i inntekt neste år.