(Ill.foto: Colourbox.com)
(Ill.foto: Colourbox.com)
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Gruppeleiarmøte skal vere åpne

Fylkesmann slår fast at eit gruppeleiarmøte skal vere eit åpent møte der pressa og andre kan vere til stades.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve NRK medhald i at eit møte mellom gruppeleiarane i kommunestyret i Bremanger skulle ha gått for opne dører.

“Fylkesmannen har slått fast at møtet mellom gruppeleiarane under kommunestyremøtet den 27.02.2012, er omfatta av reglane i kommunelova § 31 om møteoffentlegheit. Sidan det ikkje var gjort vedtak om å lukke møtet, har Fylkesmannen lagt til grunn at gruppeleiarmøtet var eit ope møte. Det er då i strid med reglane i kommunelova om nokon vert nekta å vere til stades under møtet. Fylkesmannen ventar at folkevalde organ praktiserer reglane om møteoffentlegheit slik at det til ei kvar tid er klart for publikum om eit møte er ope eller lukka”, skriv Fylkesmannen på eigne nettsider.