Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Pisk meir effektivt enn gulrøter

Skal me få ei storstilt samanslåing av små kommunar, må regjeringa ikkje berre gi stimuleringsmidlar, men også redusera subsidieringa av småkommunane og signalisera dette tydeleg.

Regjeringa har eit sett stimuleringsmidlar for å få til kommunesamanslåingar. Mi meining er at få kommunar vil slå seg saman pga. desse midlane.

Dersom regjeringa verkeleg ønskjer færre småkommunar, må det signaliserast kva som framover blir dei økonomiske vilkåra. Dersom småkommunane skal miste sitt eksistensgrunnlag ved at ekstratilskota blir redusert, bør dei få vite det nå. Regjeringa bør ikkje berre fremme positive insentiv, men også vise riset bak spegelen. Ingenting er meir effektive verkemiddel enn utsikta til å bli straffa økonomisk, skriv økonomisjef Aud Steinsland i Time i ein kronikk på debatt.kommunal-rapport.no.

Les heile kronikken her.