Arkiv

Temaer

Nyttig på nett

Etter- og videreutdanning

Stillingsannonser

Stordal kommune

Stordal kommune med sine 1000 innbyggjarar - og mest kjend for sin betydelege møbelindustri og særs lave arbeidsløyse gjennom mange år - vert i dag rekna som ei spanande bo- og etableringskommune i regionen. Med si strategiske plassering liggjande i ”skjeringspunktet” mellom by og land, med eit mangfald av naturgitte moglegheiter frå djupe fjordar til høge tindar, vil ein her finne av det beste ei landkommune kan tilby. Dette samstundes som dei ”urbane” tilboda i regionbyen Ålesund med tilliggjande flyplass (Vigra) berre er 5 mil og ca 40 minutt unna.

 

Som ”Barnas kommune” har Stordal kommune som ambisjon å framstå som ei kommune med spesiell fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår.  Sjølv om vi i folketal er den minste kommunen i Møre og Romsdal, er vi svært stolt over å kunne tilby m.a. fylgjande:

 

  • Fullskala idrottshall m/grendahusfunksjon/klatrevegg/miniatyrskytebane/m /tillggjande symjebasseng
  • Nytt tidsmessig idrettsanlegg m/kunstgrasbaner og tartan løpebaner
  • Alpinanlegg med fleire trekk og nedfartar og med planar om ytterlegare utbygging
  • Flombelyst langrennsarena
  • Flombelyst hoppanlegg med fleire bakkar i ulike storleikar
  • Svært aktive idrottsmiljø med tilbod for både breidde og elite - innan skidisiplinar har Stordal i dag løparar som hevdar seg i toppen både nasjonalt og internasjonalt
  • Overøye/Langsæterområdet som regionalt friluftslivsområde
  • Full barnehagedekning, SFO-tilbod, ein god skule og ei svært godt utbygt helse- og omsorgsteneste

 

For meir informasjon om kommunen:  www.stordal.kommune.no

 

RÅDMANN

 

 

 

Då vår noverande rådmann etter 19 år som tilsett i Stordal kommune (økonomisjef/rådmann siste året) no ønskjer andre utfordringar, søkjer vi med dette etter hans etterfølgjar frå 01.10.2010 eller så snart som mogleg etter den tid.

 

Vi søkjer ein person med:

*  Relevant høgere utdaning
*  Leiarerfaring fra privat eller offentleg verksemd
*  Kjennskap til kommunal verksemd og forståing for politiske prosesser slik   at rolleavklaring vert forstått og tydeleggjort
*  Relevant og god økonomisk forståing
*  Vilje og evne til endrings- , omstillings- og strategiarbeid
*  God muntleg og skriftleg framstillingsevne. Nynorsk er målføre.

*  Forståing for- og er seg bevisst på at rådmannsrollen i ei lita kommuna også inneber arbeidsoppgåver av mindre leiande karakter.

*  Ein oppmodar både kvinner og menn til å søkje. 

 

Vi tilbyr:

Ei utfordrande og utviklande stilling i ein liten men likevel aktiv og spanande organisasjon.
Om ønskjeleg vil det kunne inngåast eigen leiaravtale for stillinga.
Lønn etter avtale og pensjonsordning i KLP.

Kontakt:

Dersom du ønskjer nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med ordførar Charles Tøsse, tlf  702 79106 (mob 416 31 801) eller rådmann Torbjørn Emblem  tlf  702 79104  (mob 90949380).

 

Søknad:

Søknad med CV vert å sende Stordal kommune, Pb. 115,  6259 Stordal 

Avhengig av søknadsmassen, vil kommunen ev. engasjere ekstern kompetanse i sluttfasen av tilsetjingsprosessen.

Søkjar må grunngi særskilt dersom han/ho ønskjer søknaden unntatt offentlegheit.

 

 

 

Søknadsfrist:
15.08.2010

Ledige stillinger

Gratis Nyhetsbrev

Hver dag sender vi ut et gratis nyhetsbrev som informerer om de viktigste hendelsene i Kommune-Norge. Det er enkelt, gratis og nyttig!
Skriv inn e-postadresse:

Stem på landets fineste rådhus

Hvilket rådhus mener du er landets flotteste?

Avstemmingen stenger søndag 12. september klokken 16.00

Les om finalistene her

Se bilder av finalistene her

For å stemme:

1 Klikk på knappen for ønsket rådhus

2. Det åpnes et felt med spørsmål om du er «menneske eller maskin». Klikk på symbolet som etterspørres.

3. Klikk på «Stem»

Ukens avis

Faksimile: papirutgaven Last ned papir-utgaven av Kommunal Rapport i PDF-versjon.
Utgave 26/2010, 9. september
Redaktøransvar Pressens Faglige Utvalg
Ansvarlig redaktør og administrerende direktør: Britt Sofie Hestvik.
Kommunal-rapport.no er redigert på uavhengig grunnlag og etter de normer og regler som er nedfelt i Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Tekstreklameplakaten.