Jobbmarked

Avdelingsdirektør – forvaltningsavdelinga

Fylkesmannen

Fylkesmannen er staten sin fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og Regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket.

Søknadsfrist: 
12. juni 2012

Forvaltningsavdelinga har oppgåver knytt til kommuneøkonomi, samfunnstryggleik og beredskap, klager etter kommunelova, plan- og bygningslova og namnelova, søknader om fri rettshjelp og ei rekkje oppgåver innan familierett. Ein stor del av avdelinga sitt arbeid er tilsyn, råd og rettleiing overfor kommunar og enkelt¬personar. Avdelinga har rundt 25 tilsette. Frå 1. juli 2013 skal fylkesmannsembeta overta verjemålsoppgåvene frå kommunane og avdelinga vil då få fleire nye medarbeidarar.

Avdelingsdirektøren har personalansvaret for dei tilsette i avdelinga og det overordna ansvar for budsjett, økonomi- og risikostyring, strategi- og verksemdsplanlegging. Avdelingsdirektøren har Fylkesmannen som næraste overordna og leier avdelinga saman med assisterande direktør. Avdelingsdirektøren er medlem av embetet si leiargruppe.

Vi søkjer kandidatar som ønskjer å leie og utvikle forvaltningsavdelinga. Du er tydeleg og trygg, samarbeider godt og har evne til å motivere og inspirere høgt kompetente medarbeidarar.

Du har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd, relevant utdanning frå universitet eller høgskule, og gjerne kompetanse på eit eller fleire av arbeidsområda i avdelinga.

Meir om stillinga finn du på www.fmro.no eller www.mercuriurval.no.

Opplysningar om stillinga kan gis av Arvid Bø i Mercuri Urval, tlf. 975 59 045, avdelingsdirektør Arild Michelsen, tlf. 913 18 553 eller fylkesmann Tora Aasland, tlf. 952 34 451.
Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg også ovafor oppdragsgivar. Registrer din søknad på www.mercuriurval.no