Jobbmarked

Einingsleiar for økonomi, service og drift

Fusa kommune

Fusa kommune ligg midt i Hordaland fylke og har ca. 3810 innb. Vi kan by på vakker og variert natur med fjord og fjell, fiskevatn og skiløyper, og Fusa er eit ettertrakta mål for båtfolket. Reisetida til Bergen frå kommunesenteret Eikelandsosen er ca. ein time. Vi har full barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule.

Søknadsfrist: 
16. juni 2012

Spanande stilling som Einingsleiar for økonomi, service og drift.

100 % stilling som inngår i leiargruppa til rådmannen. Eininga har 20 medarbeidarar fordelt på rådgjevarteam, rekneskap og løn, politisk sekretariat, arkiv og IKT. Eininga er i ein restruktureringsprosess, og ny leiar vil få godt høve til å påverka utforminga av eininga. Einingsleiaren vil vera ein viktig rådgjevar for rådmannen og ein støttespelar i prosessar i høve budsjett, produksjon og effektivitet.

Tilsetjing: Snarast
Løn: Konkurransedyktig løn
Kontaktperson: Rådmann Berit Fløisand, tlf. 56 58 01 00

Sjå full utlysingstekst på www.fusa.kommune.no