Jobbmarked

Rådgjevarar økonomiseksjonen

Hjelmeland kommune
Søknadsfrist: 
11. juni 2012

Hjelmeland kommune har ledig 2 faste 100 % stillingar som konsulent/rådgjevar innan rekneskap/økonomi.

Kommunen har f.t. rekneskapssamarbeid med annan kommune. Avhengig av vidare organisering av dette samarbeidet, kan det bli aktuelt å leggja leiarfunksjonen for kommunens rekneskapskontor til ein av dei ledige stillingane

Arbeidsområdet for stillingane vil i all hovudsak vera innan rekneskapsområdet, men andre arbeidsoppgåver kan og bli lagt til stillingane etter behov og kvalifikasjonar.

Vi søkjer personar med:
- relevant høgare utdanning på universitets-/høgskulenivå innan rekneskap og økonomi
- god kjennskap til offentleg forvaltning, og/eller relevant praksis og erfaring frå liknande arbeid
- gode IT-kunnskaper og kjennskap til kommunale økonomi/rekneskapssystem.

Søkjarar med annan relevant utdannings- og erfaringsbakgrunn kan og søkje.

Vi ønskjer at du:
- er kreativ og utviklingsorientert
- har godt humør, stor arbeidskapasitet og kan samarbeide tett med andre
- har god evne til kommunikasjon, munnleg så vel som skriftleg

Løn etter kvalifikasjonar. Kommunen hjelper til med å skaffe bustad. Tilsetjing i samsvar med gjeldande lover og avtalar.

For nærare opplysingar om stillingane, kan du kontakte rådmann Børje Alander, kommunesjef interne tenester Sigve Hia, økonomikonsulent Brit-Iren Engedal på tlf. 51 75 70 00, eller kommunekasserar i Suldal Arnfinn Gundersen på tlf. 924 10 318.

Det vert oppmoda om at søknad vert sendt via elektronisk søknadsskjema på ”Min e-kommune”.  Dette finn du på kommunen si heimeside www.hjelmeland. kommune.no. Alternativt kan skriftleg søknad med oversyn over utdanning og praksis (CV) sendast til Hjelmeland kommune, 4130 Hjelmeland.

Merk søknaden 12/773