Sjølv om vedtaket i kommunestyret var feil, får det ikkje noko å seie for innhaldet i saka. Ill.foto: Colourbox.com
Sjølv om vedtaket i kommunestyret var feil, får det ikkje noko å seie for innhaldet i saka. Ill.foto: Colourbox.com
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Var ugild i referatsak

Kommunestyret meinte ein representant ikkje var ugild i ei sak om dottera - sidan saka berre var ein referatsak. Slik er det ikkje, slår Fylkesmannen fast.

Kommunestyret i Lom handsama i desember i fjor ei referatsak som handla om kommunalt tilskot til dotter av ein av representantane i kommunestyret.

Politikaren ba sjølv om å verte kjent ugild då saka kom til kommunestyret, men dei andre representantane ville det annleis. 

Tre representantar frå Bygdelista la rett over nyttår fram eit krav til lovlegkontroll av vedtaket om at politikaren var gild.

“Det er ikkje haldepunkter, verken i kommunelova eller forvaltningslova, som tilseier at habilitetsreglane ikkje skal gjelde for denne sakstypa. Det følgjer av alminnelege delegasjonsreglar at kommunestyret, sjølv om mynde til å avgjere ei sak er delegert, fortsatt har kompetanse og ansvar. Som følgje av dette vil kommunen sitt øvste organ ved å behandle ei sak som referatsak, ha mynde til å påverke behandlinga av saka. På denne bakgrunn meiner Fylkesmannen at habilitetsreglane skal nyttast ved behandling av referatsaker”, skriv Fylkesmannen i Oppland i avgjerda.

Sjølv om vedtaket i kommunestyret var feil, får det ikkje noko å seie for innhaldet i saka. 

“Inhabilitetsreglane som følgje av slektskap, varetek og omsynet til at ein ikkje skal vere med på å avgjere pliktar eller rettar til nære familiemedlemmar. Sjølv om Fylkesmannen meiner at det har vore moglegheiter for påverknad i denne saka, har vi ikkje kome til at feilen har verka inn på resultatet i saka. Vedtaket er dermed ikkje ugyldig”, konkluderer Fylkesmannen.