- Det kommunane treng, er avlasting, ikkje nye tunge oppgåver. Her kan ein seie «Look to Finland» – det er akkurat dette Finland nå gjer for å få framgang i reformarbeidet. Men ideologiske skylappar gjer det kanskje vanskeleg å lære av andre land, spør professor emeritus Harald Baldersheim ved Universitetet i Oslo. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
- Det kommunane treng, er avlasting, ikkje nye tunge oppgåver. Her kan ein seie «Look to Finland» – det er akkurat dette Finland nå gjer for å få framgang i reformarbeidet. Men ideologiske skylappar gjer det kanskje vanskeleg å lære av andre land, spør professor emeritus Harald Baldersheim ved Universitetet i Oslo. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Baldersheim: Var grunn til å vente nær halvering

Ein av dei mest erfarne kommuneforskarane konkluderer med at kommunereforma følgjer i finske skispor. - Det kommunane treng, er avlasting, ikkje nye tunge oppgåver, seier Harald Baldersheim.

​Baldersheim er ein av dei mange ekspertane som Kommunal Rapport har fått kommentar frå etter at resultatet av denne runden av kommunereforma no er så godt som klart. Baldersheim er i dag professor emeritus ved Universitetet i Oslo.

Han trekk parallell til korleis kommunereforma har utvikla seg i Finland, og meiner resultatet er om lag som han hadde venta på førehand.

– Eit «finsk» utfall. Også Finland starta i 2007 ein prosess med store ord om radikal reduksjon i kommunetalet, men enda i første omgang med ein nedgang mindre enn 50 kommunar (frå 416 i utgangspunktet). Stegvis er dei seinare komme ned i 313 kommunar. Som i Noreg stakk geografiske realitetar og mistru mot sentrum kjeppar i hjula for skrivebordsreformer.

– Peika ut dei små som det store problemet

Baldersheim meiner det var grunn til å vente minst ei halvering av talet på kommunar, og viser til at intensjonen frå regjeringspartia var ein stor reduksjon.

Det store talet av små kommunar blei utpeika som hovudproblemet for ei rasjonell forvaltning. Og sidan over halvparten av kommunane har mindre enn 5.000 innbyggjarar, var det grunn til å vente minst ei halvering av kommunetalet, og endå større reduksjon med utgangspunkt i tilrådinga frå ekspertutvalet (for ikkje å snakke om innspelet frå NHO om at 70 kommunar var nok), skriv Baldersheim i sitt svar.

Han er kritisk til forklaringane som er nytta for å tvinge saman kommunar til åtte nye.

Grunngivingane er uttrykk for ei pragmatisk tilnærming til kommuneinndelinga, ein brukar dei argument som ein finn passande i kvart enkelt høve. Grunngivingane avspeglar dei kriteria for god inndeling som ekspertutvalet for tre år sidan formulerte (som igjen for det meste er å finne i tilrådinga frå Christiansen-utvalet frå 1993). Desse kriteria er så mangslungne at dei kan nyttast til å forsvare nesten kva samanslåing som helst.

Forskaren meiner ei utfordring er at tilrådingane frå fylkesmennene har gått rundt den største bøygen; inndelinga av kommunar i dei største byregionane. Ein viktig grunn til det er at dette ikkje kan løysast utan å sjå på samspelet med fylkeskommunane eller nye regionale konstruksjonar, meiner Baldersheim. 

– Dette har heile vegen vore ei haltande reform – der regionnivået berre har komme inn som ein ettertanke.

Andre artiklar om kommunereform:

Trur ikkje på fleire ekspertutval

Som fleire andre ekspertar trur han stortingsvalet kan ha stor innverknad på kva som skjer vidare i reforma.

– Blir denne regjeringa sitjande, vil truleg dei økonomiske tommeskruane bli tatt i bruk overfor dei små kommunane, slik at det blir ein gradvis nedgang i kommunetalet, slik som i Finland. Nye rundar med nye «ekspertutval» trur eg ikkje denne regjeringskonstellasjonen vil prøve seg på.

– Vert kommunestrukturen meir heilskapleg eller meir fragmentert etter denne runden?

– I store drag om lag som før – pragmatisk tilpassa geografiske realitetar og (med nokre unntak) lokal politisk vilje. Slik reformprosessen var lagt opp, kunne det ikkje bli ei rasjonell reform. Ein starta med strukturen – kommuneinndelinga – og så skulle ein finne fram til kva (eventuelt nye) oppgåver dei nye einingane skulle ta seg av. Det overordna målet var sagt å vere meir desentralisering og demokrati gjennom å flytte oppgåver nedover.

Baldersheim meiner ei rasjonell tilnærming ville tyde å starte me då avklare kva oppgåver som skulle desentraliserast – og deretter sjå på kor store einingar som trongst for dei ulike oppgåvene.

– Sjå til Finland

– Ein ville då truleg komme til (som det også går fram av den andre tilrådinga frå ekspertutvalet) at tyngre offentlege oppgåver, ut over dei som kommunane alt hadde ansvar for, måtte leggast til så pass store einingar at berre dei største byane ville vere aktuelle. Den logiske konklusjonen er at ei reell desentraliseringsreform krev eit sterkt regionalt styringsnivå, dvs. fylkeskommunane eller nye regionale konstruksjonar. Det kommunane treng, er avlasting, ikkje nye tunge oppgåver. Her kan ein seie «Look to Finland» – det er akkurat dette Finland nå gjer for å få framgang i reformarbeidet. Men ideologiske skylappar gjer det kanskje vanskeleg å lære av andre land?