Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Ny strid om namn i emning

Politikarar i Hornindal er ikkje samde i at den nye kommunen skal heite "Volda". No kan namnet bli eit spørsmål for kommunalministeren.

Avisa Møre skriv at dei to kommunane begge må vedta namnet på den nye kommunen.

Eit eige utval har sett på både namn og kommunevåpen, og konkludert med at Volda er det naturlege.

— Eg har heile vegen vore tydeleg på at vi ønsker eit nytt namn til den nye kommunen, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Hornindal kommunestyre, Eldar Engelund, til avisa.

Ap skal òg vere delt i saka, tre for Volda og ein mot.

Ordførar Stig Olav Lødemel (H) seier til avisa at det vert eit fellesmøte hos Fylkesmannen neste veke, kor spørsmålet om namn kjem opp.

Vert det ikkje semje der, er det regjeringa i statsråd som må avgjere kva namnet skal vere.