– Foreldreutval kan fokusere særleg på fart rundt barnehage/skule, refleksbruk og ta opp tema som bruk av sikringsutstyr både i bil og på sykkel, skriv Knut Olav R. Nestås. Illustrasjonsfoto: Jan Haas, NTB scanpix
– Foreldreutval kan fokusere særleg på fart rundt barnehage/skule, refleksbruk og ta opp tema som bruk av sikringsutstyr både i bil og på sykkel, skriv Knut Olav R. Nestås. Illustrasjonsfoto: Jan Haas, NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Lokalt trafikksikringsarbeid nyttar

No er tida inne for å sette trafikksikringsarbeidet på dagsordenen i kommunen din.

Ingen skal måtte døy eller bli hardt skadde i trafikken, heller ikkje i ditt lokalsamfunn.

Dei siste tiåra har sikrare bilar, betre vegar og rolegare trafikal åtferd hjå folk flest bidrege til at langt færre døyr og vert hardt skadde langs vegane våre enn tidlegare. Lokalsamfunna har ei heilt avgjerande rolle i arbeidet med å ta oss nærare visjonen om at ingen skal måtte døy eller bli hardt skadde i trafikken i Noreg.

Ofte er det underkommunisert kor mykje viktig trafikksikringsarbeid som vert gjort i kommunal sektor: Ingen snakkar med fleire nye foreldre enn helsesøstrene, som kan formidle informasjon om sikring av barn i bil.

Barnehagane har gode høve til å sette fokus på relevant trafikal risiko i nærområdet alt frå borna er små.

Lærarar kan nytte ekskursjonar, turar og trafikken som eksempel i mange fag for både å fremje kunnskap og haldningar hjå unge trafikantar.

Foreldreutval kan fokusere særleg på fart rundt barnehage/skule, refleksbruk og ta opp tema som bruk av sikringsutstyr både i bil og på sykkel.

Skuleleiing og kommuneadministrasjon kan saman legge til rette for sikrare miljø rundt skular, som mellom anna vil gjere det enklare for foreldra å late barn gå og sykle til skulen.

Den nyleg starta «Hjertesone»-kampanjen i regi av Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet og Trygg Trafikk med fleire, kan vere eitt konkret eksempel på korleis ein kan jobbe med å legge til rette for sikrare trafikale høve rundt skulane våre.

Trygg Trafikk er kjent med at engasjementet for eit betre trafikksikringsarbeid ofte har stor oppslutnad lokalt. Mange grendelag, foreldreutval, frivillige organisasjonar, lokalpolitikarar og andre er oppriktig opptatt av mest mogleg trafikksikre lokalsamfunn. Tilrådinga vår er at de følgjer nøye med på kva som skjer framover.

No er tida inne for å sette trafikksikringsarbeidet på dagsordenen i kommunen din. Sentrale spørsmål er: Skal kommunen rullere trafikksikringsplanen i inneverande valperiode? Er det andre planar som er relevante som bør følgjast opp med tanke på trafikksikringsarbeidet? Kanskje er det ein reguleringsplan, kanskje er det ein temaplan for folkehelse, skule eller anna?

Hugs på at trafikksikring kan vere relevant for fleire planprosessar, også utover det som fokuserer på dei reint fysiske tiltaka. Dette illustrerer nokre av moglegheitene som ligg i trafikksikringsarbeidet, og også korleis ein kan spele på breidda og gjere kvarandre gode.

Trygg Trafikk håpar kommunane, innbyggjarane og fagetatane klarar å få fram breidda i trafikksikringsarbeidet, og at me saman klarar å sette trafikksikring på dagsordenen. Med det reduserer me risiko, skapar tryggleik hjå innbyggjarane og bidreg inn mot nullvisjonen, for ingen skal måtte døy eller bli hardt skadde i trafikken, heller ikkje i ditt lokalsamfunn.