– Mange stader er karta av så dårleg kvalitet at godkjenninga reelt må skje i marka, skriv Torbjørn Trageton. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix

Matrikkellova må reviderast

Debatt. Matrikkellova (§ 32) medfører offentleg åger, fjern heimelen! Gjer matrikkelen rettsgyldig! Sats på fullført sakshandsaming!
20.2 2017 08:35
Nasjonale gebyrreglar vil medføre effektivisering og frigjering av fagleg arbeidskraft det er mangel på.

Dette er mi oppfordring til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og våre stortingsrepresentantar. Mine tilrådingar vil medføre store effektiviseringsvinstar for samfunnet og enkeltpersonar i form av bortfall av byråkrati, lågare produksjonskostnader, betre vedtaksgrunnlag, auka tryggleik og betre velferd.

Dagens gebyrreglar medfører offentleg åger – urimeleg høge økonomiske krav.

Matrikkelen er landets viktigaste og dyraste kjerneregister til bruk for offentlege og private brukarar. Etablering er eit stort investeringstiltak. Dette bør finansierast som eit spleiselag der dei som har størst direkte nytte av tiltaket, dekker brorparten av kostnadene. Dette er kommune og stat. Det er derfor i samsvar med definisjonen av ordet åger, når det vert kravd at rekvirent skal betala alle kommunens kostnader med oppmålingsforretning.

I den utstrekning det skal krevjast gebyr for matrikkelarbeid, bør desse vera like i landet, både kva gjeld inndeling av gebyreiningar og storleiken på gebyra. I tillegg bør gebyra verka fremjande for å nå måla til matrikkellova. Det bør derfor òg lagast heimel for «straffegebyr» for åtferd som medfører ekstraarbeid mv.

Likskapsprinsippet bør gjelda ubunde av om kommune eller jordskifterett utfører arbeida.

Nasjonale gebyrreglar vil medføre effektivisering og frigjering av fagleg arbeidskraft det er mangel på. Kommunane slepp dagens gebyrarbeid, arbeida med sjølvkostrekneskap, og kommune og fylkesmann vil stort sett sleppa resursbruk på gebyrklager.

Gebyra for Kari og Ola vil bli like i landet og sterk reduserte.

Som hjelpemiddel m.a. i nasjonal og lokal styring og forvalting, er det etablert tre kjerneregister med opplysingar om objekta: menneske, offentleg og privat verksemd, fast eigedom. Det seier seg sjølv at det er eit offentleg ansvar å etablere, utvikle, forvalte og vedlikehalde desse registera (folkeregisteret, føretaksregisteret og matrikkelen).

Matrikkelen har 2 funksjonar: Register for eigedomsopplysingar og verktøy for geografisk stadfesting av informasjon tilknytt person og føretak. Verdipotensiala til funksjonane er svært store (årleg mange milliardar kroner). 

Innføring av offentleg autorisasjon for forretningsarbeid bør medføre at matrikkelen blir rettsgyldig, slik det er i våre naboland. Det garanter at aktuelle opplysingane er pålitelege. Dei vil automatisk få rettsvern. All tinglysing av stadbundne rettar og servitutt vil falla vekk; også positivt for eigedomshandel!

Ordninga vil på sikt òg medføre at størstedelen av dei mange rettssakene vi har i Noreg om eigedomsgrenser og stadbundne rettar og servitutt vil falla vekk.

Sju år etter at lova blei sett i kraft, er det ikkje utarbeidd forskrifter for registrering av stadbundne rettar og servitutt jf. krav i §§ 1 og 33. Informasjonen (m.a. om leidningar i undergrunnen) av stor betydning i samfunnsforvaltinga og for eigedomsomsetninga er dermed ikkje lett tilgjengeleg. Faren for uheldige offentlege og private vedtak er stor.

Dette bør vere enkelt å retta: Våre naboland har lenge hatt ordninga på plass.

Når KDM har utført det forsømte, bør staten ta kostnadene med å få på plass det som er registrert hos kommunane om stadbundne rettar og servitutt.

Fullført sakshandsaming er desidert mest effektiv og tidssparande organisering av matrikkelarbeida. Det sikrar best den kvalitet arbeida skal ha. Same person utfører myndigheitsarbeida etter plan- og bygningslova m.fl. og oppfølgjande arbeid etter matrikkellova.

Slik er situasjonen i dei minste kommunane i landet. Større kommunar har òg funne dette rasjonelt, m.a. Bergen. Sakshandsamar får inngåande kunnskapar om godkjenningsgrunnlaget, god lokalkunnskap for oppfølgjande arbeid og arkivgrunnlag.

Mange stader er karta av så dårleg kvalitet at godkjenninga reelt må skje i marka. Grenser og situasjonsdetaljar har avvik på fleire meter i høve til faktiske forhold. Ved at styresmakta og ikkje privatperson utfører arbeida, kan vedkommande i marka fastsette kvar nye grenser skal gå. Ein slepp ekstrarundar i godkjenningsfasen.

Utviklinga i våre naboland og Kartverkets kontroll av kommunane si registrering av jordskifteverket sine matrikkelarbeid, understrekar at fullført sakshandsaming bør nyttast der det lèt seg gjera, at ansvarleg utførar så langt råd er, fører matrikkelen. Dette er valt organisering i alle landa i Norden unnateke Danmark, der delar av matrikkelarbeida er privatisert.

Kartverkets undersøking viser at det oppstår feil når ein annan enn den som er ansvarleg for informasjonen, skal føre informasjonen inn i matrikkelen. Sentralisering av matrikkelføringa medfører auka kostnader, auka tidsbruk og ein mindre påliteleg matrikkel. Slik organisering er ikkje rasjonell! 

Delta i debatten

Vi overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!