Illustrasjon: Sven Tveit

Tvang og tvisyn

Kronikk. Er det verkeleg dei store prinsippa som står på spel når Stortinget avgjer om nye kommunegrenser skal strekast opp med tvang?
3.3 2017 09:51
Finst det eigentleg eit frivillighets-prinsipp? Svaret er avhengig av kva vi forstår med eit prinsipp.

Omgrepet «frivillighet» (og den vonde tvillingbroren, «tvang») har stått heilt sentralt i kommunereforma. Dette skal i all hovudsak vere ei frivillighetsreform, heitte det frå starten, og over heile det politiske spekteret vert det ofte vist til eit frivillighetsprinsipp.

Undervegs har det likevel synt seg å vere ganske stor usemje om spelereglane for reforma.

Mykje av usemja kan forklarast med at omgrepsparet frivillighet og tvang ikkje har så eintydig bruksmåte og meiningsinnhald som ein gjerne kunne ynskje. Uttrykkjer dei absoluttar eller ein glideskala? I kva grad er det «frivillige» noko som skal vegast opp imot andre omsyn, verdiar og definerte mål? Og kva aspekt ved reformverksemda er det omgrepa viser til?

Når det gjeld det siste spørsmålet, er det grunn til å tru at politikarar, byråkratar, fagfolk og andre involverte stundom snakkar forbi kvarandre. Omgrepet «frivillighet» vert dels brukt med referanse til dei lokale prosessane; det handlar då om at lokale aktørar gjennom overleggingar med grannane skal ha fridom til å finne partnarar og inngå avtalar.

Andre gonger er det dei nasjonale rammevilkåra, særleg at kommunane skal kunne gjere vala sine utan å bli lokka eller skræmt gjennom økonomiske verkemiddel frå statleg hald, som er det sentrale.

Mest tilspissa vert diskusjonen likevel når den handlar om sjølve den lokale avgjerdsmakta: Skal rikspolitikarane i eitt og alt rette seg etter det lokalpolitikarane og innbyggjarane til sjuande og sist – «frivillig» – bestemmer seg for?

Nettopp dette er nok for mange kjernen i konsepta frivillighet og tvang: Det handlar altså om kor vidt staten skal akseptere og respektere ein lokal vetorett i strukturspørsmål. Denne ordbruken er på mange måtar ein raritet. Når det på andre felt er snakk om å gjennomføre nasjonal politikk overfor kommunane, nyttar ein ord som lokal medverknad og sentrale vedtak, ikkje frivillighet og tvang. Førestellinga om at kommunane sjølve skal ha avgjerande makt over eigne grenser, har ikkje noko haldepunkt i lovverket – det er ein politisk konstruksjon.

Men nettopp som politisk konstruksjon har førestellinga om slik frivillighet djupe historiske røter her til lands. Som historikar har eg hatt stor moro av å sjå korleis oppslutnaden om frivilligheta endrar seg over tid.

Går vi om lag 20 år tilbake i tid, støtta dagens regjerings- og samarbeidsparti mannjamt opp om det lokale vetoet. Strukturendringar skulle ikkje skje når anten kommunestyret eller innbyggjarane i folkerøysting sa nei, heitte det den gong.

Og kven hadde vetopolitikken brodd mot? Jau, det var «tvangspartiet» Arbeidarpartiet, som i møtet med ein kompakt frivillighetsopposisjon måtte skrinleggje planane for ei ålmenn kommuneinndelingsreform.

Finst det eigentleg eit frivillighetsprinsipp? Svaret er avhengig av kva vi forstår med eit «prinsipp». Eit politisk prinsipp, kan ein hevde, er noko som bør stå seg gjennom åra, og vere like sterkt i posisjon som i opposisjon. Eit prinsipp er noko ein fyrst ser styrken og verdien av den dagen du møter det som dilemma, når det hindrar deg i å gjennomføre det du ynskjer.

Og går vi kritisk til verks, kan vi resonnere slik: Hjå alle dei som iallfall tidvis ynskjer større endringar i kommunestrukturen, er frivillighet ein politikk dei grip til i spesielle situasjonar. Dei lovar (relativ) truskap til frivilligheta fordi dei ikkje har noko anna val, kanskje fordi det er ein politisk føresetnad for i det heile å få parlamentarisk fleirtal for reformplanar.

Alternativt kan frivillighet tvert imot vere noko dei grip til for å undergrave ei reform dei eigentleg ynskjer, men som dei ikkje vil at hovudmotstandaren skal gjennomføre og hauste den politiske gevinsten av.

Nokre er meir konsekvente i forsvaret for «frivillighet», men det er ofte dei som ålment har størst interesse av å hindre endring. Er det ikkje då reformmotstanden i seg sjølv som er prinsipiell, og «frivilligheta» berre eit verkemiddel?

Heilt rettvist er det nok ikkje å tenkje slik. Det er opplagt at mange i norsk politikk oppfattar at endring av kommunegrenser i strid med den lokale folkeviljen er eit særskilt integritetskrenkjande inngrep. Mange synest leggje til grunn at frivillighet heng nær saman med legitimitet, noko som i neste omgang er ein føresetnad for at nye kommunar skal vere effektive og velfungerande. Og er det ikkje ålment slik at prinsipp ofte vil kollidere, og at einaste farbare veg i politikken er fornuftig pragmatisme?

Eg oppfattar det som rimeleg å konkludere med at frivillighet i kommunereformer her til lands er meir ein politisk strategi enn eit politisk prinsipp.

Likevel er eg tvisynt: Skal vi ikkje tru på politikarane når dei seier at dei er prinsipielle?

Eg er blant dei som, reint prinsipielt, har tillit til at folk meiner det dei seier. Men som det også heiter: «Dette er prinsippa mine, og om du ikkje likar dei, så har eg andre.»

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.