Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Lokalpolitikk i storm og stille

For mykje semje og for mykje strid kan på kvar sin måte skade lokaldemokratiet.

Den politiske kulturen i ein kommune spring ut frå mentalitet og kultur i vidare forstand.

Eg starta yrkeslivet mitt som journalist i lokalavisa heime, noko som naturlegvis innebar mange, lange timar på pressebenken under kommunestyremøte.

Lat meg vere ærleg: Lokalpolitikk er ikkje alltid eit festfyrverkeri. Augeloka som skleid ned midt under arealplandebatten kunne vere tunge å få opp att. Men eg var i det minste så heldig at avisa mi dekte fleire kommunar, slik at eg fekk litt variasjon innimellom. Og om eg ikkje visste det frå før, lærte eg no at ein kommune og ein kommune kan vere to vidt forskjellige ting.

I det ytre var mykje likt; dei stulla i det store og det heile med dei same oppgåvene i kommune A som i kommune B, C og D. Men eg merka skilnadene i omgangsforma og måten dei folkevalde utøvde rolla si på. Nokre av dei mest iaugefallande ulikskapane kommunar imellom handla med andre ord om politisk kultur.

Ein halvtimes køyretur austover fann eg senteret i konsensuskommunen. Kommunestyremøta der var definitivt ikkje staden for strid og kiv. Visst avslørte dei politiske debattane ulike syn og vurderingar. Men idealet var, fekk eg inntrykk av, å fjerne alle uttrykk for usemje før ein kom fram til avrøysting.

«I ei så stor og viktig sak er det viktig at vi står samla!», sa ein av gruppeleiarane – og det kunne i og for seg høyrest fornuftig ut, om det ikkje var for at ho hadde dette som eit mantra møtet igjennom, også i saker som etter mi vurdering grensa til reine bagatellar.

Eg irriterte meg over konsensuskulturen. Burde ikkje poenget med politikk vere å synleggjere, og ikkje å dekkje over dilemma og motsetnader? Og eg merka at eg fekk sympati for den eine representanten for fløypartiet som i fleire av dei «viktige sakene» stilte seg på tverke. Han sytte i det minste for at ikkje alle vedtaka vart samrøystes.

Ein halvtimes køyretur nordover fann eg senteret i konfliktkommunen. Det var alltid minst eit par postar på sakskartet som fekk blodet til å boble. Geografi og person var definitivt viktigare enn ideologi, og frontane kunne like gjerne gå internt i kvart einskild parti som mellom partia.

I løpet av eitt år var det eksklusjonssaker på gang i tre av partilaga. Sitjande ordførar låg etter kommunevalet an til å bli kasta med ei røysts overvekt, men som følgje av at utfordraren vart svikta av ein partifelle, vart gamleordføraren sitjande i fire år til.

Konfrontasjonane kunne slite hardt på dei folkevalde. «Eg får ikkje sove om nettene», klaga ein av veteranane i politikken då det stod på som verst under konstitueringa, og då ho var sett i ein situasjon der det ville bli gale, same kva ho gjorde.

Som journalist var det ikkje vanskeleg å finne saker med tydelege frontar i ein kommune med ein utprega konfliktkultur. Men at politikken går på helsa laus er ikkje heldig, om målet er å få fleire til å engasjere seg.

Det har runne mykje vatn i fjorden sidan eg reiste rundt på politiske møte som bladfyk, og det kan godt hende at eg overdriv skilnadene mellom det som den gong var konsensus- og konfliktkommunen. Men poenget er det same: For mykje semje og for mykje strid utgjer på kvar sin måte eit demokratisk problem, og kan i ytste fall undergrave legitimiteten og funksjonaliteten til kommunane.

Diverre er det slik at ein kan ikkje alltid organisere seg fram til den gylne mellomvegen. Nye modellar og nye tiltak kan hjelpe på, men det finst så mange faktorar vi ikkje kan kontrollere, og som dessutan verkar saman på gåtefullt vis. Den politiske kulturen i ein kommune spring ut frå mentalitet og kultur i vidare forstand, han er ein funksjon av ei rekkje sosiale, økonomiske og geografiske grunnføresetnader ved samfunnet, og vert dessutan forma på godt og vondt av einskildpersonar og meir eller mindre tilfeldige einskildsaker.

Når 118 kommunar i løpet av dei neste åra skal smeltast om til 46 heilt nye einingar, er dette noko som vert mest spanande å studere: Korleis vil dei fungere som politisk fellesskap? Vil dei finne den rette balansen, og unngå kvelande semje og lammande strid?

Eg veit om ein kommune eg skal følgje ekstra nøye med på. For trur de ikkje at konsensuskommunen og konfliktkommunen har bestemt seg for å slå seg saman? Den nye kommunen har valt seg eit namn som gjev sterke assosiasjonar til storm og uvêr, men det treng ikkje vere noko førevarsel om korleis politikken vil arte seg etter fusjonen.

Vil den eine politiske kulturen vinne over den andre? Vert det ei lukkeleg blanding? Skjer det noko heilt nytt i møtet mellom dei to kulturane? Berre tida vil vise.