Illuastrasjon: Sven Tveit
Illuastrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

One size fits all?

Er det verkeleg fornuftig å forvente det same av alle kommunar?

Insisterer ein på generalist-kommune-prinsippet, insisterer ein samstundes på at one size fits all.

Generalistkommuneprinsippet. Ordet er tungt og traurig, men det handlar om ei politisk tenking som har vore med på å forme kvardagen vår. Prinsippet fekk gjennomslag dei fyrste par tiåra av etterkrigstida, og har lege til grunn for den norske kommunalordninga sidan den gong.

Styresmaktene sette makt bak ambisjonane om å løfte botnen i Kommune-Noreg gjennom eit sett av reformer i det økonomiske, organisatoriske og juridiske grunnlaget for den kommunale verksemda. Målet var å sikre utjamning, likeverdig tilgang til ei rekkje av dei mest fundamentale offentlege goda, uavhengig av kvar i landet ein budde.

Ein skulle eliminere den kommunale avmakta som vi hadde sett så altfor mange døme på under mellomkrigskrisa, og kommunane skulle verte infrastruktur for det vi seinare kjenner som velferdsstaten. Det tidlegare så viktige formelle skiljet mellom by og land vart i all hovudsak fjerna.

Generalistkommuneprinsippet. Ordet er vanskeleg, men sjølve ideen er enkel: Det handlar om eit prinsipielt likeverd mellom kommunar. Ein kommune er ein kommune, anten han heiter Bokn, Bykle, Båtsfjord eller Bergen. Kommunen skal i hovudsak kunne handtere det same breie spekteret av oppgåver, anten han har eit par hundre eller eit par hundre tusen innbyggjarar.

Breidda av oppgåver gjev rom for politikk; for å sjå samanhengar, og for å gjere prioriteringar til beste for lokalsamfunnet, innan statleg definerte rammer. Og i den grad kommunen ikkje maktar å vareta ansvaret sitt med eigne musklar, ligg det eit spesielt ansvar på storsamfunnet for å tre støttande til.

Vi nordmenn tenkjer gjerne at det er distrikts- eller regionalpolitikken vi har å takke (eller skulde!) for den spreidde busetnaden, og for at levekåra er nokså likeverdige kringom i det vakre, men akk så upraktiske landet vårt. Men i grunnen har kommunalpolitikk basert på generalistkommuneprinsippet vore langt viktigare for å realisere desse målsetjingane.

Ideen er enkel, og ideen er vakker, og spør du rikspolitikarar frå ulike delar av det politiske spekteret, så vil dei aller fleste insistere på at generalistkommuneprinsippet framleis skal vere rettesnora for kommunalpolitikken.

Men nokre av dei vert kanskje litt flakkande i blikket, og det er i tilfelle ikkje utan grunn. For insisterer ein på generalistkommuneprinsippet, insisterer ein samstundes på den ålment noko tvilsame påstanden om at one size fits all. Denne tanken tenderer til å verte meir problematisk, dess lengre vekke frå normalen du ligg.

Dei fleste større kommunar kunne gjerne ha tenkt seg endå fleire gjeremål, oppgåver som fylkeskommunen eller staten i dag har ansvar for. Når rikspolitikarane seier nei, er det delvis fordi det må vere «likt for alle». Då er det ikkje merkeleg om kommunar med ei muskelmasse godt over snittet oppfattar generalistkommuneprinsippet som ei tvangstrøye.

Når det gjeld Oslo, har vi allereie i utgangspunktet kapitulert. Som den einaste av kommunane våre, forvaltar hovudstaden oppgåver som elles i landet er på fylkeskommunale hender.

For kommunar med lågt folketal og knappe ressursar, dei som i teorien har mest å vinne på generalistkommuneprinsippet, har problemet det motsette forteiknet: Mange opplever at statlege krav til oppgåveløysing – både når det gjeld breidde og innhald – er urealistisk høge. Difor løyser dei oppgåver i fellesskap, i nokre tilfelle i eit lappeteppe av interkommunale samarbeidsrelasjonar.

Kor vidt dette harmoniserer med eller er i strid med generalistkommuneprinsippet, kjem an på auget som ser. Kritikarar peikar mellom anna på at interkommunale løysingar tappar kommunane for politisk makt og prioriteringsevne, og gjer ansvarsforholda uoversiktlege.

Kommunereforma som vart vedteken i vår hadde, til liks med reformene i etterkrigstida, eit mål om å løfte botnen. Vi skulle få eit system av robuste kommunar; kommunar som alle som éin ikkje berre makta dagens oppgåver, men som også var i stand til å ta på seg meir.

Status per i dag er at vi har fått endå større strekk i laget. Føresetnadene til å etterleve generalistkommuneprinsippet er følgjeleg neppe blitt betre. Og sjølv om mykje tyder på at vi vil oppleve fleire samanslåingar i åra som kjem, er det per i dag vanskeleg å sjå at det finst politiske føresetnader for ei ny strukturreform.

Så om eg skal våge meg på ein liten spådom for dei fire kommande åra, vil den vere at politikarane i aukande grad, om enn med ulyst, stiller seg spørsmålet om det verkeleg er fornuftig å forvente det same av alle kommunar.

Det norske språket har andre ord enn «generalistkommuneprinsippet» som kan få tunga til å slå krøll på seg – som «oppgåvedifferensiering» og «samkommunemodellar». Kanskje får vi høyre desse oftare?