Nyheter
Få nyttar klageretten på helsetenester
Svært få nyttar retten til å klage på helsetenestene til kommunene, viser ein gjennomgang som Trygd og Arbeid har gjhort i fem fylke.
Gjennomsnittleg får fylkeslegane inn mindre enn ei klage i månaden frå brukarar som ikkje får den nødvendige legehjelpa, heimesjukepleia, rehabiliteringaeller sjukeheimsplassen. Fylka som er med i dette oversynet frå 1995 er Møre og Romsdal, Hordaland, Nordland, Østfold og Oslo.
I Møre og Romsdal klaga ti personar over manglande pleie- og omsorgstenester. I Hordaland klaga 18 personar på vedtak i samband med heimesjukepleia og sjukeheimsplassar, i Nordland ni, Osloi ti og i Østfold var det sju som hadde dei same problema.
Konklusjonen i undersøkinga er at vi ofte ´klager på den hjelpa vi får, enn på den hjelpa vi ikkje får. Einuhøflig og arrogant lege, ein feil diagnose eller feil behandling fører altså oftare til klage enn manglande behandling. Når så få klagar, er det fordi retten til å klage er lite kjend både blant folk flest og av helsepersonell, meiner rådgjevar Ingrid Myklebust hos fylkeslegen i Nordland.