Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Forhandlingar

Twitter-profilen @fylkespolitikar debuterer med spalte her på Kommunal-Rapport.no: Eg er mest heilt ferdig no. Mest heilt ferdig å forhandle. Trur eg.

@fylkespolitikar

Fylkespolitikar som elskar regional utvikling og planlegging. Skriv om fylkeskommunen, demokratiet, kjærleiken og livet.

Eg har ikkje ete stort, ikkje sove og ikkje elska på to veker. Enda eg er svært attraktiv.

Eg har vore på vippen lenge. No tiltar eg kva tid som helst. Eg er mest heilt ferdig no. Mest heilt ferdig å forhandle. Trur eg. Om dei andre ikkje ombestemmer seg.

Eg er bleik om nebbet og har hovudet fullt av ull. Ferdig mørbanka langt inn i sjela, ferdig tygd og spytta ut att. Har strekkmerker som vil vere godt synleg i mange år.

Trøysta er at fylkesordføraren dei neste fire åra kjem til å gå rundt med to digre puklar på ryggen som vert umogleg å skjule.

Elsk meg mest når eg etter to veker på vippen har landa forhandlingar med min argaste politiske motstandar og har blitt fylkesvaraordførar. Da treng eg det mest.