@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Styringssignal

Vi skal snart i gang med forhandlingane no. Om styringsignal.

Vi skal snart i gang med forhandlingane no. Om styringsignal. Fem parti skal verte einige om styringssignal for neste års budsjett og økonomiplan for 2017-2020. Det er berre vi som sit i fylkestinget som veit kva dette tyder. Som veit kva styring ein kan ta i saka om styringssignal for økonomiplanen. Som veit korleis ein må ordlegge seg for å sikre at vi sjølve og ikkje fylkesrådmannen får æra for desse utmerka forslaga som gjer ein forskjell i folk sine liv.

Det er ikkje val i år, men likefullt driv vi den lange valkampen i styringssignala. Valkamp med formannskapsmodell. Vi har feite valkampsaker! Satsing på kollektivtransport og sykkelvegar! Og vidaregåande skule og folkehelse! Og miljø! Vi satsar faktisk ambesiøst på alt det finst fylkeskommunale verkemiddel for. Og det er ikkje lite. I samarbeid med kommunane sjølvsagt. Vi samarbeidar alltid med kommunane. Og det vi ikkje har pengar til har vi andre verkemiddel for. Vi er samfunnsutviklar. Vi er regional utviklingsaktør.

Det er utruleg deilig å vere regional utviklingsaktør, å kjenne at ein er ettertrakta blant alle aktørane i heile det regionale verkemiddelapparatet. Ettertrakta hjå dei regionale aktørane av det nasjonale verkemiddelapparatet. Aller mest ettertrakta er næringsutviklingsmidlane. Næringsutviklingsmidane som vert mangedobla i partnarskap med offentlege og private aktørar.

Det er slik fylkeskommunen mettar fem tusen med to fiskar og fem brød.