Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Synfaring med angst for presedens

Dispensasjonar, kulturminnefaglege vurderingar og moderne kjøkken. Veit du kva to argument som aldri er gyldige i kulturminnevern?

@FYLKESPOLITIKAR

@fylkespolitikar er ein twitterkonto som er ein litterær karakter skapt av ein ekte fylkespolitikar og skribent, og som gir oss eit skråblikk på fylkeskommunen og demokratiet.

@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Dette er den siste spalta i denne omgang.

Fylkesutvalet er på synfaring i samband med ei sak som kjem opp i fylkesutvalet. Rådmannen innstiller på at fylkesutvalet opprettheld ein administrativ klage som er lagt inn mot kommunen sin dispensasjon i sak der det er snakk om kulturminnefaglege vurderingar. Vi er på synfaring i ein hage der det er planlagt eit tilbygg på eit gammalt hus, i eit strøk med verneverdige trehusbygnader. Eg treng moderne kjøkken og bad seier eigaren av huset og hagen. Arkitekten lurer på om vi syntest teikningane hans er fine. Dette kan tolkast å vere innanfor vernebestemminga i reguleringsplanen meiner dama frå planavdelinga i kommunen. Fyren frå kulturminneavdelinga i fylkeskommunen forklarer kvifor dei har lagt inn ein administrativ klage på kommunen sin dispensasjon: Ein er redd for at volumet og skalaen på tilbygget er for stor, og at det vil danne presedens slik at strøket over tid vert endra. Vil de kome inn og varme dykk på ein kopp kaffi spør eigaren. Nei takk seier fylkesordføraren. Eg treng kaffi, det er bikkjekaldt og eg har angst for presedens. 

Det er to argument som aldri er gyldige i kulturminnevern. Desse er

1. Det er pent/stygt

2. Det kostar/kostar ikkje pengar

Angst for presedens derimot, er eit gyldig argument. Alltid.