«Det finst ei verd utanfor Oslo»

Politikk. Eid-ordførar Alfred Bjørlo sitt (V) brev frå Distrikts-Noreg til finansbyråden i Oslo, Robert Steen (Ap), går sin sigersgang på Facebook. 
Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) leksar opp Distrikts-Noreg sine fortrinn for Oslos finansbyråd. Arkivfoto.

«Kjære Robert Steen», innleiar Bjørlo sitt Facebook-innlegg som hittil har fått 2.400 «likes» og er blitt delt nær 900 gonger.

Venstre-ordføraren reagerer sterkt på finansbyråden sine uttaler om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Til NRK Radio sa Steen i går:  

«Årsaken til at vi har en del offentlige arbeidsplasser i Oslo, handler om at Oslo er et kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og privat næringsliv i stor utstrekning, er dette vanskeligere i en del andre deler av landet, som for eksempel Sogn og Fjordane».

Bjørlo ønsker Steen velkommen til Sogn og Fjordane, «til den verkelege verda», og sett kompetanseskåpet på plass:

«Neste gong du køyrer gjennom Bjørvika-tunnelen – tenk på at alle dei avanserte styringssystema der (og i andre vegtunnelar i Oslo) er laga av ei bedrift på Nordfjordeid som har ypparste kompetanse i Noreg på sitt teknologiske område.

Neste gong du ser ned på Barcode – tenk på at dei enorme vindusflatene der stort sett er laga av ei bedrift i Vågsøy i Nordfjord som lagar dei mest avanserte vindua i landet.

Neste gong du kikkar ned på mobiltelefonen din for å få levert neste talepunkt frå LO, tenk på at skjermen er laga med silisium av verdas ypparste kvalitet frå Elkem i Bremanger.

Neste gong du kjøper kle frå Skogstad, Ricco Vero eller handlar kjøtprodukt frå Nordfjord Kjøt – tenk på at det finst nokon i Stryn som har klekt ut ideane, bygd opp kompetansen og skapt store merkevarer.

Neste gong du besøker ein eldreinstitusjon i byen din som du har ansvar for, tenk på at dei avanserte baderoms-løysingane er designa, produsert og levert av ein bedrift på Sandane – leiande internasjonalt på sitt felt».

På innpust ramsar Bjørlo i tillegg opp fisken, den fornybare energien, dei martitime og marine næringane og nye grøne datasenter i gamle gruveanlegg.

Han konkluderar:

«Kjære Robert Steen: Du anar ikkje kva du snakkar om».

Med tal frå Difi viser Eid-ordføraren til at Oslo har 46.000 statsansatte – 75 per 1.000 innbyggjar. I Sogn og Fjordane er delen 19 per 1.000 innbyggjarar og i Eid 10.

Bjørlo avsluttar:

«Eg forstår godt at du er uroleg for dei som kan stå i fare for å misse jobben. Eg har respekt for det. Men prøv å skjerpe deg ørlite grann. Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane. Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia.

Men som har måtta sjå på i år etter år at statlege kompetansearbeidsplassar blir bygd ned og forsvinn. Til Oslo. I tusental.

Eg trur Oslo vil vere ein utmerka by å bu i uansett om det er 45.000 eller 46.000 statlege arbeidsplassar der. Men det kan betyr ein enorm skilnad for Eid om her er 60 eller 100.

Kjære Robert Steen, byråd for Ap i Oslo: Til sommaren arrangerer vi ein av Noregs største Rockefestivalar på Eid: Malakoff Rockfestival.

Vi klarar det vi vil. Du er herved invitert».

Flere artikler om

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.