Berg folkebibliotek driv med meir enn bøker. Difor blei det kåra til Årets bibliotek 2015. Arkivbilde: Magnus Knutsen Bjørke
Berg folkebibliotek driv med meir enn bøker. Difor blei det kåra til Årets bibliotek 2015. Arkivbilde: Magnus Knutsen BjørkeArkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Bibliotek med berre éin tilsett vann pris

Berg folkebibliotek blei torsdag kåra til Årets bibliotek 2015. Det vesle folkebiblioteket vann prisen i konkurranse mot to store: Bergen Offentlige Bibliotek og Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo.

Grunngjevinga for at det vesle folkebiblioteket vann, er at det, i ein kommune med 900 innbyggjarar, er ein sosial arena, har ei dugnadsinnstilling og at innvandrarar får pengar for å kjøpe  barnebøker frå heimlandet. Ungdomsskuleelevar blir også «tilsett» for å drive biblioteket og å hjelpe yngre elevar. I tillegg deler biblioteksjefen desse erfaringane i vertskapskommunesamarbeidet i Troms, som integrerer biblioteket i et bibliotekfaglig fellesskap og faglig nettverk.