Dugnad + kultur = Utsira. Gatekunstnarar frå fleire land har dekorert både hus, fjellknausar og siloar på Utsira. Kommunen har spytta inn kulturmidlar til dette prosjektet, som har pågått sidan 2014. Foto: Tone Holmquist
Dugnad + kultur = Utsira. Gatekunstnarar frå fleire land har dekorert både hus, fjellknausar og siloar på Utsira. Kommunen har spytta inn kulturmidlar til dette prosjektet, som har pågått sidan 2014. Foto: Tone Holmquist
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Dugnad løfta Utsira til topps

Utsira er langt frå toppen i Kommunebarometeret totalt, men på kultur ragar kommunen heilt øvst. Ingen kommune brukar meir pengar på bibliotek per innbyggar. I tillegg er 2 prosent av innbyggjarane sysselsett innan kultur.

Utsira vedtek fireårige kulturplanar og legg til rette for kulturtilbod i dei kommunale bygga. I 2011 sto «Sirakompasset» ferdig. I tillegg til barnehage og skule, inneheld bygget kulturskule, scene og amfi. Her er også bygdekino ein gong i månaden.

Nesten alle ungane i Utsira deltek i kulturskulen og nesten ti prosent av innbyggjarane, vaksne som ungar, spelar i korps.

– Kvifor står kultur så sterkt på Utsira?

– Frivilligheit. Vi har éin veldig iver etter å få ting til og vi har folk som er flinke til å løfte fram kultur. Å ha eit korps på ein så liten plass er ei bragd i seg sjølv. Dessutan har vi ein kulturskulelærar som får fram det beste i ungane, seier varaordførar Tor Erling Skare (Felleslista).

Utsira brukte i fjor nesten 3.000 kroner per innbyggar på bibliotek. Ifølgje statistikken er ikkje dette bortkasta pengar. Folk på Utsira lånte 15 bøker eller andre medium kvar. Dette er tre gonger meir enn folk i resten av Kommune-Norge. Kommunen har éin bibliotekar tilsett i 70 prosent stilling. Denne stillinga femner både folkebibliotek og skulebibliotek.

Det bur berre vel 200 innbyggjarar i Utsira, som er Norges minste kommune.

I tillegg til eigne krefter, nyttar Utsira seg også av tenester frå «Den kulturelle skulesekken». Desse tenestene blir også nytta elles i kommunen, blant anna kan bebuarane på sjukeheimen ta del i tilbodet.

I 2013 blei Utsira kåra til Rogalands kulturkommune og nominert til prisen Norges kulturkommune. I 2014 kom åtte kunstnarar til øya og byrja å dekorere hus, vindmøller, fjellknausar og siloar, i 2015 dekorerte ein engelsk kunstnar kjellaren på den gamle skulen. I sommar kjem franske kunstnarar til øya for å dekorere eit heilt bygg.

Kommunen nyttar kulturmidlar til dette kunstprosjektet.

– Sirabuen er engasjert i samfunnet sitt og dugnadsånda er sterk. Det trur eg er mykje av årsaka til at vi skil oss ut. Grasrot er eit stikkord her på øya, seier varaordføraren.