Ordførar Ole André Klausen (H) (t.h.) i Askvoll vigde heile to par like over midnatt den første dagen i det nye året. F.v. Tor Einar Erikstad, Bjørn Klausen og Kristin Rivedal Yndestad bak Anna Gundersen som er klar for å underskrive på ekteskapet.
Ordførar Ole André Klausen (H) (t.h.) i Askvoll vigde heile to par like over midnatt den første dagen i det nye året. F.v. Tor Einar Erikstad, Bjørn Klausen og Kristin Rivedal Yndestad bak Anna Gundersen som er klar for å underskrive på ekteskapet.Foto: Andrine Klausen Bauge
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Ordførar vigde dobbelt opp

Ole André Klausen (H) i Askvoll er ein av dei første ordførarane som har vigd brurepar etter at ansvaret for gjennomføring av vigslar blei overført frå tingretten til kommunen.

Ikkje berre eitt, men to brurepar sa ja til kvarandre framom ordføraren i ein låve i Askvoll få minuttar inn i det nye året.

— Eg synest det var greitt, eit æresfylt oppdrag. Enkelte meiner vi ikkje treng fleire oppgåver, men dette var veldig kjekt, seier ordføraren til Kommunal Rapport.