Ola Hovland sluttar som rådmann i Fjaler. Foto: Ole Johannes Øvretveit, Firda
Ola Hovland sluttar som rådmann i Fjaler. Foto: Ole Johannes Øvretveit, FirdaOle Johannes Øvretveit, Firda
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Rådmann vil sleppe nye krefter til

Åtte år får vere nok som rådmann, synest Ola Hovland. No går han attende til internasjonal skule.

Fjaler kommune må no sjå seg om etter ein ny rådmann. Ola Hovland sluttar etter litt over åtte år i stillinga, melder avisa Firda.

Hovland har vore lenge i stillinga, målt mot dei som sat i rådmannsstolen før han.

– Det var mykje å ta tak i. No er det, eg skal ikkje seie duk og dekka bord for det er det sjeldan i ein kommune, men det er rimeleg god drift. Eg ser fleire positive teikn no enn på veldig lenge, seier rådmannen sjølv til avisa.

Målinga Kommunebarometeret som er sett saman av Kommunal Rapport har plassert Fjaler blant dei 70 beste kommunane i tre av dei fire siste åra.

Hovland skal attende til den internasjonale skulen UWC, kor han og arbeidde før han vart tilsett som rådmann hausten 2007.

Ordførar Gunhild Berge Stang trur ikkje Fjaler har nokon ny rådmann på plass innan Hovland sluttar i april.

Ola Hovland er diplomøkonom frå BI.