Agnar Kaarbø. Foto: Terje Lien
Agnar Kaarbø. Foto: Terje LienTerje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Ver «varsam» med hermeteikn

Ikkje bruk hermeteikn i utide. Det kan forvirre lesarane og skape tvil om kva du meiner.

Kommunal Rapports språkspalte

Agnar Kaarbø arbeider med språk, tekst og kommunikasjon i Kaarbø språk og kommunikasjon. Han har bakgrunn som taleskriver i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kommunikasjonsdirektør i UDI, journalist og redaktør – blant annet i Kommunal Rapport.

Å ramme inn ord eller setningar med dette teiknet kan vere nødvendig, nokon gong freistande, men ikkje alltid lurt. I årsrapporten for 2016 frå Ørsta kommune har rådmannen latt seg freiste. Eg kjem attende til det.