Etter tre års arbeid kan kommunehuset i Krødsherad sjå fram til å få ei meir utfyllande adresse enn 3536 Noresund. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Etter tre års arbeid kan kommunehuset i Krødsherad sjå fram til å få ei meir utfyllande adresse enn 3536 Noresund. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste kommunane snart ved vegs ende

Tre kommunar har enno ikkje vegadressar, men i løpet av neste år skal det vere på plass. 

Ei oversikt frå Kartverket syner at 184 kommunar per 4. september i praksis har full dekning av vegadressar, 123 kommunar nærmar seg full dekning og tre var utan vegadressar.

Agdenes har frist for uttalerett om dei nye adressene 26. november. Deretter vil offisielt adressevedtak bli sendt ut. Selje reknar med å vere ferdig med arbeidet i første halvår 2019. Rødøy har ein plan. Kommunen har lagt inn adressearbeidet i budsjettet for 2019 og håpar at vegadressar skal vere på plass i løpet av året.