Nyheter

Ordførar Ola Teigen (Ap) er i Trondheim for å lokke til seg arbeidskraft til den nye kommunen, Kinn. Foto: Privat
Ordførar Ola Teigen (Ap) er i Trondheim for å lokke til seg arbeidskraft til den nye kommunen, Kinn. Foto: Privat

Prøver å rekruttere via Facebook

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn går nye vegar for å lokke til seg rett arbeidskraft til kommunen. Tre tips om aktuelle kandidatar, 15 studentar til middag og ei aha-oppleving er resultatet så langt.

Publisert Sist oppdatert

«Kinn kommune treng 2 arealplanleggarar og ein arkitekt. Kjenner du nokon som studerer her, så send dei til meg. Er du ein god kandidat, så spanderer eg middag på deg i kveld.»

Dette var ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn si oppdatering på Facebook i går direkte frå ei rekrutteringsmesse på NTNU i Trondheim.

I dag lurer Kommunal Rapport på om ordførarane fekk gode kandidatar til bords, eller om han måtte ete middag einsam?

– Vi var mange frå næringslivet og studentar som sat til bords i går, ja.

– Gode kandidatar?

– Det var rundt 15 ingeniørstudentar som var opptatt av miljø, og ja, kommunen betalte, seier ordføraren.

Kinn treng to arealplanleggarar og ein arkitekt akkurat no, men dei aktuelle studentane som snuste på kommunen på rekrutteringsmessa i Trondheim, hadde allereie fått seg jobb, ifølge Teigen.

– Vi må nok jakte litt lenger på det vi treng.

Om ikkje lenge prøver ordføraren seg i Bergen. Saman med næringslivet skal han fortelje om, og vise fram, kommunen som også har blitt kalla «Norges raraste». Kinn er oppstått av dei tidlegare kommunane Flora og Vågsøy. Midt mellom dei ligg Bremanger.

– Vi opplever at det er veldig god marknad for arbeidssøkarar. Men no har vi fått ei lita ahaoppleving. Vi må vere tidlegare ute og tenke langsiktig når det gjeld rekruttering.

Kinn lokkar ikkje med billege tomter og barnehageplass slik fleire mindre kommunar gjer for å få tak i fagfolk. Rekrutteringa til ledige stillingar har vore god tidlegare, ifølge ordføraren.

– Kven er drøymetilflyttaren til Kinn?

– Barnefamiliar. Og flinke folk.

Like før denne artikkelen blei publisert, kom det sms frå Teigen:

«Og der fekk eg tips om ein interessert arkitekt».

Og like etter kjem det endå ei melding:
«Tre tips. Det er Facebookinnlegget folk har sett».

• Les også: Grønt skifte i distriktene

Powered by Labrador CMS