Nyheter

– Eg er positivt overraska over engasjementet i bygdelaga når eg kontaktar dei, seier Marion Solheim, som står bak portalen som skal freiste livsstilsflyktningar til Noreg.
– Eg er positivt overraska over engasjementet i bygdelaga når eg kontaktar dei, seier Marion Solheim, som står bak portalen som skal freiste livsstilsflyktningar til Noreg.

Freistar nederlendarar til Noreg med «Tinder for bygdene»

Ein ny portal skal kople trongbudde europearar med norske bygder. Målet er å auke folketalet, få meir liv i bygdene og redde grendeskulane.

Publisert Sist oppdatert

Europearar som ønsker å flytte til ei lita bygd med mykje natur og lite stress, kan no lettare finne draumebygda si i Noreg. På ei ny nettside kan dei legge inn ulike ønsker og behov og raskt få svar på om det er ei bygd som passar for dei.

– Dette er ei form for Tinder for bygdene, seier Marion Solheim, som står bak bygdeportalen.

Eller forklart på portalen sitt eige språk:

«In short, Freysta is a new kind of matchmaking — between people and villages.»

Målet med «bygdetinder» er å få meir liv i bygdene og redde grendeskulane. Solheim kjem sjølv frå ei bygd som har plass til fleire.

Portalen har også ein guide som syner kva som må til for å kunne busette seg i Noreg frå ulike deler av verda.

Førebels ligg det 44 stadar i bygdetinder. Målet med portalen er nye innbyggjarar i små bygder.
Førebels ligg det 44 stadar i bygdetinder. Målet med portalen er nye innbyggjarar i små bygder.

Ønsker nederlendarar og tyskarar

Ei handfull kommunar har til no signert avtale om å marknadsføre ei eller fleire bygder på Freysta – fleire er i kjømda.

Dei får selskap av gratisbygder som blir presentert med kortare tekstar og færre bilde.

Det er mest nederlendarar og tyskarar som har synt interesse for Bygde-Noreg tidlegare, men alle er velkomne, ifølge kommunedirektør John Salve Sigridnes i Bygland. Kommunen med 1.175 innbyggjarar har vore pilot for nettstaden.

– Vi har jobba fram det som er det unike med oss. Slik har vi for eksempel fått fortalt om byglandsbleke – ein fisk som berre finst i Byglandsfjorden, seier kommunedirektøren.

Han meiner den europeiske marknaden for å hente innbyggjarar er stor.

– Tenk deg at det bur x tal innbyggjarar i overbefolka område i Europa – og vi har x tal småbygder med plass. Mange kommunar prøver seg på lokale initiativ for å trekke til seg folk, så kan det komme ei oppblomstring, men for små kommunar kan det vere krevjande å halde på dei nye innbyggjarane.

Sigridnes meiner at å tenke større og målretta mot ei gruppe menneske som verkeleg ønsker seg det bygdene kan tilby, kan bidra til å løyse ei rekke utfordringar.

Bygdeportalen er god, moderne distriktspolitikk, meiner John Salve Sigridnes, som er kommunedirektør i Bygland.

– Å trekke til seg folk på denne måten bør bli ei nasjonal satsing. Det er god, moderne distriktspolitikk. Ein flyttar til eit lokalsamfunn, ikkje ein kommune. Men det blir effekt for kommunen. Vi er ivrige på å få med andre kommunar i regionen.

I dag bur det om lag 10.000 nederlendarar i Noreg, rundt 6.000 fleire enn for 24 år sidan. Om lag 30.000 tyskarar har også funne vegen til Noreg.

Søkbar portal

Ved å legge inn ulike ønsker og behov, som landsdel, type natur og avstand til skule, kan søkarane få opp aktuell informasjon om ei passande bygd og til dømes kva arbeidsmoglegheiter, bustadmarknaden, skular, avstandar til ulike tilbod, i tillegg til historier frå bygda.

– Vi er den første søkbare bygdeportalen, seier Solheim.

Førebels ligg det 44 bygder i basen, godt spreidd, frå Kiberg i Finnmark til Feda i Agder og Elgå i Innlandet.

– Eg er positivt overraska over engasjementet i bygdelaga når eg kontaktar dei. Dei hiv seg rundt – eg merkar dei blir glade for å fortelje kven dei er og kva dei har, seier Solheim. 

Portalen er marknadsført i sosiale medium, og hadde første månaden nærare 20.000 unike visningar, eit tal Solheim er svært nøgd med. Ein av betalkommunane har allereie fått e-post frå ein mogleg innflyttar frå Nederland.

Powered by Labrador CMS