Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Svært vellukka beredskapsprogram

Beredskapsprogrammet er svært vellukka, og Kommunal- og arbeidsdepartementet nyttar dei røynslene ein har vunne i dette pionerarbeidet i det ordinære omstillingsarbeidet i andre kommunar, skriv Kjell Opseth.

I Kommunal Rapport 17.01.97 hadde avisa ei brei omtale av Beredskapsprogrammet. Programmet har vore gjennomført i regi av Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD), og vart etter fem år avslutta ved årsskiftet 1996/97.


Avisartikkelen gjev inntrykk av eit mislukka omstillingsprogram, og eit program som gjev motsett verknad av det som var føresetnadene. Dette stemmer ikkje. Artikkelen gir eit svært misvisande bilete av programmet. Beredskapsprogrammet er tvert imot svært vellukka, og KAD nyttar dei røynslene ein har vunne i dette pionerarbeidet i det ordinære omstillingsarbeidet i andre kommunar.


Eg synest det er flott av Kommunal Rapport å bruke mykje spalteplass på å presentere Beredskapsprogrammet. Det eg ikkje likar, er at avisa prøver å teikne eit bilete av eit omstillingsprogram som er mislukka. Overskrifta, «Omstillingsprogram virket mot sin hensikt», er i beste fall svært skeivt vinkla i forhold til innhaldet i artikkelen. I verste fall er det eit forsøk på å sette eit vellukka arbeid i dei fem kommunane Stord, Høyanger, Åmot, Bardu og Målselv i eit dårleg lys.


Avisa skriv at «Omstillingsprogrammet som skulle gjere kommuner mindre avhengige av hjørnesteinsbedriften, virker stikk motsett». For å finne dekning for val av overskrift og ingress viser Kommunal Rapport til ein rapport frå Fafo. Det merkelege i denne påstanden frå Kommunal Rapport er at lenger ned i artikkelen avviser forskar Kjersti Kleven i Fafo påstanden i ingress og overskrift. Det står i artikkelen at «En av hovedstrategiene ble å satse på knoppskyting fra hjørnesteinsbedriften. Det forklarer at nøkkelbedriften har styrket sin betydning i disse kommunene. - Det betyr ikke at kommunene er blitt mer avhengige av disse bedriftene (mi utheving), sier hun.»


Det at hjørnesteinsverksemdene styrkar si betydning i lokalsamfunnet er noko heilt anna enn at lokalsamfunnet er blitt meir avhengige av verksemdene. Hjørnesteinsverksemdene har gjennom Beredskapsprogrammet fått ei anna rolle i forhold til sitt lokalsamfunn. Hjørnesteinsverksemdene i desse kommunene, også der Forsvaret er hjørnesteinsverksemd, ser seg sjølv i en større samfunnsmessig samanheng enn tidlegare.


Der hjørnesteinsverksemdene tidlegare hadde nok med seg sjølv, er dei i dag pådrivarar i nettverksbyggjing og liknande. Hjørnesteinsverksemdas kompentanse, som alltid har vore til stade, er i dag gjort tilgjengeleg for andre verksemder og aktørar utanfor portane. På Stord har mellom anna Aker-verksemda opna sitt internasjonale marknadsnett, slik at båtbyggjaren Risnes og Sønner AS har fått hjelp til å selje sine båtar utanfor Noreg.


Aker-verksemda har også sett føremonene med å ha eit livskraftig lokalsamfunn rundt seg. Eit slikt breiare samfunnsperspektiv har mellom anna ført til at Aker Stord har vore med og sponsa bygginga av Vikahaugane sportssenter. Stord-samfunnet er ikkje blitt meir sårbart av denne grunn, snarare tvert om.


I Høyanger har Hydro Aluminium skilt ut eit selskap, Hydro Stumek AS, som i tillegg til å levere stuksveising til Hydro-verksemdene også orienterer seg mot den eksterne nasjonale marknaden. Dette sikrar ei betre og breiare plattform for næringslivet i Høyanger. Det er i Høyanger også bygd opp ein ny næringspark i samarbeid mellom lokale Hydro-verksemder, fagforeining, kommune og lokale bankar.


Ordførarane i dei fem kommunane blir i artikkelen nærmast framstilt som misnøgde med omstillingsprogrammet. Dette er, slik vi kjenner til det, ikkje i samsvar med tilbakemeldingar frå ordførarane direkte til departementet. Det kjem heller ikkje, i følgje Fafo, fram noko slik misnøye i den evalueringa som snart er ferdig. Tvert om er ordførarar og representantar frå verksemder som har delteke i programmet svært nøgd med deltakinga i Beredskapsprogrammet.


Hjørnesteinsverksemdene har gjennom Beredskapsprogrammet fått ei anna rolle i forhold til sitt lokalsamfunn