Nyheter

I snitt er det billegare å ha barn i barnehagen i år enn i fjor, men det er store skilnadar mellom kommunane.
I snitt er det billegare å ha barn i barnehagen i år enn i fjor, men det er store skilnadar mellom kommunane.

Nye tal: Her betaler foreldra mest for barnehage

Det kostar mindre å ha barn i barnehagen i år enn i fjor. Men det skiljer over 60 prosent mellom dyraste og billegaste kommune.

Publisert Sist oppdatert

Foreldrebetalinga for å ha eit barn i barnehage i år er i gjennomsnitt 2.894 kroner i månaden, ein nedgang på nesten sju prosent frå i fjor.

Dette betyr at å ha eit barn på fulltid i barnehagen, inkludert mat og andre utgifter, kostar i år i snitt 31.832. Men det er store skilnadar frå kommune til kommune, syner tal frå SSB.

  • I Rødøy betaler foreldra mest i landet, 3.323 kroner for eit barn i barnehage. Foreldra i Utsira betaler over 60 prosent mindre, 1.246 kroner. 
  • Av dei ti største kommunane er det Bærum som toppar den månadlege foreldrebetalinga med 3.126 kroner medan Fredrikstad har lågast betaling med 2.408 kroner.
  • Møre og Romsdal har høgst årsbetaling av fylka medan Agder har lågast.

440 kroner skiljer i kostpengar

  • I Nesbyen utgjer foreldrebetalinga 100 kroner månaden for mat. 
  • Lund toppar denne statistikken med 540 kroner i månaden.

Foreldre og foresatte med barn i private barnehagar betaler i gjennomsnitt noko meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn dei som har barn i kommunale barnehagar.

I januar i år betalte eit gjennomsnittleg hushald rundt 307 kroner månadleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage. Tilsvarande snitt for barn i private barnehagar var om lag 402 kroner.

SSB forklarer lågare foreldrebetaling i år med nedgang i maksimalpris i fjor.

Då vart maksimalprisen sett ned i to omgangar. Fyst frå 3.315 kroner til 3.050 kroner i august, dernest til 3.000 kroner gjeldande frå 1. januar 2023.

Ei auke i gjennomsnittlege kostpengar og tilleggsutgifter dempa den nominelle nedgangen frå 9,5 prosent til 6,8 prosent.

Powered by Labrador CMS