Nyheter

– Kommunestyret har ikkje blant anna gjort ei vurdering av barnets beste, meiner Statsforvaltaren i Vestland.
– Kommunestyret har ikkje blant anna gjort ei vurdering av barnets beste, meiner Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren oppheva vedtak om ny leiarstruktur i barnehagar

Eit vedtak om at to og to barnehagar i Ullensvang skal dele styrar er ulovleg, fordi saka ikkje var godt nok opplyst eller grunngitt. Det meiner Statsforvaltaren i Vestland.

Publisert Sist oppdatert

– Administrasjonen ved kommunalsjef og rådmann meiner saka hadde vore greidd ut og handsama slik lova krev, seier rådmann Ole-Jørgen Jondahl i Ullensvang kommune til Kommunal Rapport.

Kommunestyret i Ullensvang vedtok før jul ein ny leiingsstruktur i seks barnehagar. Vedtaket innebar at to og to av barnehagane skulle ha felles styrar. 

Seks representantar i kommunestyret kravde lovlegkontroll etter vedtaket, fordi dei meinte at saka ikkje var godt nok greia ut.

I tillegg meinte dei at det ikkje var lovleg etter kommunelova, forvaltningslova og barnehagelova. Saka gjekk vidare til Statsforvaltaren etter at kommunestyret ikkje gav dei seks politikarane medhald.

– Ikkje lovleg

No seier Statsforvaltaren at vedtaket er ulovleg, fordi saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst eller grunngitt.

– Det kom ikkje fram kva konkrete vurderingar som er gjort rundt tiltaket med endring av leiarstruktur, eller kva kommunen har brukt som grunnlag for vurderinga. Det var heller ikkje gjort ei vurdering av barnets beste, skriv Statsforvaltaren på si nettside. 

Statsforvaltaren har ikkje teke stilling til om sjølve innhaldet i vedtaket bryt lover. 

– Skulle vore eigen sak

Sjølv om Jondahl meiner at saka var greidd ut og handsama slik lova krev, seier han også at dei i ettertid ser at vedtaket burde vore handsama i eiga sak, ikkje som del av den store og omfattande budsjettsaka. 

– Då hadde ein kunna kommentert og vurdert høyringsinnspela betre og sikra det prosessuelle betre. Det er ein lærdom vi tar med vidare for framtida.

– Kva skjer vidare no i saka?

– Vi vil vurdera om det skal fremjast eiga saka i løpet av hausten, men har ikkje konkludert enno. Slik vi les barnehagelova og føresegnene, kan ikkje dette vere lovbrot slik klagarane hevda. Fleire nærliggande kommunar, mellom anna Kvinnherad og Bjørnafjorden, har slik organisering allereie i dag.

Jondahl seier han som rådmann har stilt spørsmålet til politikarane.

– Eg held meg sjølvsagt til dei politiske vedtak kommunestyret gjer, slik det er forventa av ein rådmann, seier han.

Departementet jobbar med endring

Kunnskapsdepartementet bad i fjor Utdanningsdirektoratet om å greie ut og sende på høyring eit forslag om at kvar barnehage må ha ei eiga leiar.

– Vi jobbar no med å følge opp utreiinga frå direktoratet, men vi kan per no ikkje seie noko om når det kjem på høyring, fortel informasjonsavdelinga i Kunnskapsdepartementet til Kommunal Rapport.

Powered by Labrador CMS