Nyheter

Bibliotekarane David Kvamme Høvik og Torhild Jordal ved Årstad vidaregåande skule i Bergen jublar over å blitt kåra til Årets bibliotek.
Bibliotekarane David Kvamme Høvik og Torhild Jordal ved Årstad vidaregåande skule i Bergen jublar over å blitt kåra til Årets bibliotek.

Skulebibliotek blei også i år Årets bibliotek

Arbeidet med å skape entusiasme for lesing, sendte biblioteket på Årstad vidaregåande skule til topps i kåringa av Årets bibliotek.

Publisert Sist oppdatert

Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule i Bergen er tildelt prisen Årets bibliotek 2023 av Norsk Bibliotekforening.

– Vi er utroleg stolte og glade for å få prisen. Dette er ein stor inspirasjon til vidare arbeid, seier bibliotekar ved Årstad, David Kvamme Høvik.

Årstad vidaregåande skule er, med om lag 900 elevar, ein av dei største vidaregåande skulane i Vestland og har stort sett yrkesfaglege studieretningar og mange minoritetsspråklege elevar.

Juryen melder at biblioteket er ein pådrivar for lesing. Dei har leseaksjon, bokpodkasten «Årstad les», bokklubben «Bokhavet» og litteraturprisen «Gullkroken». Det siste i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival.

– Entusiasme

– Det har nyleg komme nedslåande resultat frå internasjonale leseundersøkingar som viser sviktande leseevne og interesse for lesing blant barn og unge. Derfor er det det gledeleg å sjå at biblioteket på Årstad med den aktive formidlinga si klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom. Biblioteket er ein verdig vinnar av Årets bibliotek 2023, seier leiar for juryen Vidar Lund.

Dei nominerte til Årets bibliotek 2023 var: Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule, Samnanger folkebibliotek, Sør-Varanger bibliotek, Fagbiblioteket på Sjukehuset i Vestfold og Lillestrømbibliotekene.

Tidlegare vinnarar er Biblioteket ved Gamlebyen skule i Oslo, Østsiden bibliotek i Fredrikstad, Deichman Bjørvika i Oslo, Trøndelag fylkesbibliotek, Stormen bibliotek i Bodø og Biblo Tøyen i Oslo.

Powered by Labrador CMS