Doktorgradsstipendiat

Frå skatterett til rådmannsjobb i øykommune kor forgjengaren sat i 36 år.

Navn Ingebjørg Vamråk

Tidligere jobberfaring Rådmann

Begynte i stillingen 31.07.2016

Ingebjørg Vamråk (45) er den nye rådmannen i Fedje, melder Avisa Nordhordland. Ho etterfølgjer Vidar Bråthen som i sommar vert pensjonist etter heile 36 år i stillinga.

Vamråk arbeider no med ein doktorgrad i skatterett. Ho har utdanning frå Universitetet i Bergen innan leiing, økonomi og jus.

- Å vere rådmann på Fedje er ikkje ein typisk rådmannsjobb. Det krev mangfold, og her får eg bruk for mi utdanning og erfaring innan felt som jus, administrasjon, politikk og leiing, seier Vamråk til avisa.