Rådmann

Øystre Slidre kommune
Søknadsfrist
3. januar 2019

Øystre Slidre kommune ligg i Valdres, om lag 200 km frå Oslo, 120 km frå Gjøvik og 130 km frå Lillehammer. Kommunen ligg i Oppland fylke (Oppland og Hedmark blir slått saman til Innlandet fylke frå 1.1.2020). Kommunen grenser til Vågå, Nord-Fron, Sør-Fron, Gausdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang, og er inngangsport til Jotunheimen. 73 % av kommunen ligg over 900 moh. Kommunen er ein landbrukskommune. Turismen, med Beitostølen som motor, er aukande og blir ein stadig viktigare næringsveg. Kommunen har om lag 3 200 innbyggjarar og 4 500 hytter. Øystre Slidre har ein storslått natur, eit fantastisk kulturlandskap og nærleik til fjellheimen med svært gode moglegheiter for jakt, fiske og friluftsliv.

Meir om oss finn du på www.oystre-slidre.kommune.no

 

Vil du vere med på å vidareutvikle Øystre Slidre kommune? Noverande rådmann går av for aldersgrensa, og vi søkjer etter etterfylgjaren hans.  

Sentrale oppgåver for ny rådmann vil vere:  

  • Organisering av kommunen og leiargruppa  
  • Rekruttering for å sikre kontinuitet  
  • Leiing/kommunikasjon/samhandling både internt i administrasjonen, med tillitsvalde og med politisk nivå. Vere ein tillitvekkande, god, lyttande og samlande leiar og rollemodell
  • Ha fokus på budsjett og rammer, sjølv om kommunen sin økonomi er god. Ha fokus på gode og effektive tenester til innbyggjarane i kommunen  
  • Sjå til at saker til politisk behandling blir godt greidde ut og at konsekvensar blir belyste  
  • Gjennomføre politiske vedtak  
  • Arbeide aktivt for næringsutvikling og arbeidsplassar  
  • Fokus på omdømmebygging og gode relasjonar til omgjevnadene  
  • Bidra til fortsatt gode prosessar, prosedyrar og kontrollrutinar i organisasjonen  

Ny rådmann må vere ein tydeleg og samlande leiar. Han eller ho må byggje tillit og etablere ei god samhandling med politisk leiing, andre leiarar i kommunen, dei tilsette sine organisasjonar, eksterne aktørar, og lokale/regionale samarbeidspartnarar.  

Vi ser etter ein kreativ, løysingsorientert og handlekraftig rådmann med fokus på smarte, effektive og digitale løysingar. Personleg integritet, stå-på-humør og entusiasme kombinert med gode faglege vurderingar, solid og faktabasert saksbehandling og fokus på vidareutvikling av kompetansen i kommunen vil vere viktig for å lykkast i stillinga. Å vidareføre økonomistyringa på eit høgt nivå vil også vere ein viktig suksessfaktor.  

Kravprofil  

Bakgrunn/erfaring  

  • Solid leiarerfaring frå større organisasjon. Erfaring frå både privat og offentleg sektor vil vere ein fordel  
  • God kjennskap til og helst erfaring frå offentleg/kommunal forvalting  
  • Kunne forstå og operere i tråd med politiske prosessar  
  • Erfaring med leiing av prosessar innan effektivisering/endring/omstilling og omorganisering, med dokumenterte resultat  
  • Erfaring i arbeid med og overfor dei tilsette sine organisasjonar  
  • Erfaring med relasjonsbygging, mediekontakt og arbeid i «det offentlege rom».  
  • Gjennom utdanning/erfaringsbakgrunn ha tileigna seg nødvendig kompetanse for å ha ansvar for overordna økonomistyring  
  • Høgare relevant utdanning  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne  

Leiarstil/personlege relasjonar  

  • Trygg, tydeleg og synleg som leiar  
  • Evne til å bygge tillit  
  • God omdømmebyggjar. Representere Øystre Slidre kommune på ein truverdig måte  
  • Analytisk, strukturert og med eit strategisk perspektiv  
  • Engasjert, kontaktskapande og god relasjonsbyggjar  
  • Flink til å lytte, ta folk med på råd  
  • Løysings-, handlingsorientert og gjennomføringssterk  
  • Gode samarbeidsevner, men må også kunne opptre sjølvstendig og ta nødvendige avgjerder  
  • Må tole motstand og ha eigen integritet  
  • Entusiastisk og uformell. Kunne skape motivasjon og engasjement rundt seg  

For nærare informasjon, kontakt ordførar Kjell Berge Melbybråten, tlf. 906 62 193, eller rådgjevarane Per Inge Hjertaker/Bitten Sveri i Headvisor, tlf. 917 29 682/909 86 427. Kortfatta søknad med CV kan sendast snarast og seinast innan 3. januar 2019.

Søk her

 

 





 

Jobbytter i kommunene

Ny stilling
Rådmann i Balsfjord
Stilling i dag
Kommunalsjef for oppvekst og velferd/konstituert rådmann i Balsfjord
Begynner i stillingen
Søndag, 1 juli, 2018
Ny stilling
Rådmann i Farsund
Stilling i dag
Rådmann i Lund
Begynner i stillingen
Lørdag, 1 september, 2018
Ny stilling
Rådmann i Evenes
Stilling i dag
Driver eget konsulentselskap samt innehar verv som styreleder i Vesterålen Næringslivssamarbeid og jobber med eiendomsutvikling
Begynner i stillingen
Søndag, 1 juli, 2018
Ny stilling
Rådmann i Hustadvika
Stilling i dag
Assisterende rådmann i Kristiansund
Begynner i stillingen
Onsdag, 1 august, 2018
Ny stilling
Prosjektleiar/rådmann i Ullensvang
Stilling i dag
Rådmann i Odda
Begynner i stillingen
Onsdag, 1 august, 2018
Ny stilling
Rådmann i Narvik
Stilling i dag
Daglig leder av Narvikgården AS
Begynner i stillingen
Tirsdag, 5 juni, 2018
Ny stilling
Rådmann i Selje
Stilling i dag
Plan- og utviklingssjef i Eid og prosjektkoordinator for kommunesamanslåinga mellom Eid og Selje
Begynner i stillingen
Mandag, 12 februar, 2018
Ny stilling
Rådmann i Finnøy
Stilling i dag
Utviklingssjef i Gjesdal
Begynner i stillingen
Tirsdag, 2 januar, 2018
Ny stilling
Rådmann i Kvinesdal
Stilling i dag
Rådmann i Evje og Hornnes
Begynner i stillingen
Onsdag, 1 august, 2018
Ny stilling
Rådmann i Lesja
Stilling i dag
Utbyggingssjef i Rauma kommune
Begynner i stillingen
Mandag, 13 august, 2018
Ny stilling
Rådmann i Svelvik
Stilling i dag
Assisterende fylkesmann i Buskerud
Begynner i stillingen
Mandag, 20 august, 2018
Ny stilling
Rådmann i Indre Østfold
Stilling i dag
Fylkesrådmann i Buskerud
Begynner i stillingen
Torsdag, 24 mai, 2018
Ny stilling
Rådmann i Nittedal
Stilling i dag
Generalsekretær for norsk rådmannsforum
Begynner i stillingen
Fredag, 1 juni, 2018
Ny stilling
Rådmann i Austevoll
Stilling i dag
Advokat i Advokatpartner ANS
Begynner i stillingen
Søndag, 1 april, 2018
Ny stilling
Rådmann i Time
Stilling i dag
Kommunalsjef for oppvekst i Time kommune
Begynner i stillingen
Mandag, 1 januar, 2018
Ny stilling
Rådmann i Målselv
Stilling i dag
Rektor ved Elverum videregående skole
Begynner i stillingen
Torsdag, 1 februar, 2018
Ny stilling
Rådmann i Kristiansand
Stilling i dag
Rådmann i Kvinesdal
Begynner i stillingen
Torsdag, 1 februar, 2018
Ny stilling
Rådmann i Eidskog
Stilling i dag
Rådgiver
Begynner i stillingen
Fredag, 1 september, 2017
Ny stilling
Rådmann i Ulvik
Stilling i dag
Rådmann i Træna
Begynner i stillingen
Fredag, 1 september, 2017
Ny stilling
Rådmann i Fet
Stilling i dag
Kommunalsjef helse og velferd i Nes
Begynner i stillingen
Fredag, 1 september, 2017
Ny stilling
Rådmann i nye Moss
Stilling i dag
Bydelsdirektør i Søndre Nordstrand i Oslo
Begynner i stillingen
Mandag, 2 oktober, 2017
Ny stilling
Rådmann i Samnanger
Stilling i dag
Enhetsleder for hjemmebaserte tjenester i Bergen
Begynner i stillingen
Mandag, 2 oktober, 2017
Ny stilling
Rådmann i Hurdal
Stilling i dag
Assisterende rådmann i Lunner
Begynner i stillingen
Mandag, 22 mai, 2017
Ny stilling
Rådmann i Røst
Begynner i stillingen
Mandag, 16 januar, 2017