Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Eldremilliarden kjem den dei eldre til gode?

For vel 20 år sidan bevilga Stortinget 1 milliard kroner til dei eldre. I første halvdel av november månad i år skjedde det igjen. Då med regjeringa Stoltenberg si velsigning. Men, spørsmålet er: Vil desse midlane kome dei eldre til gode? I 1990 gjekk det nemleg ikkje heilt ut slik.

Vinteren 1990 avslutta dåverande pensjonist Per Hovda eit intervju med Dagsrevyen på NRK. Det vart starten på det store eldreopprøret i landet vårt. Hovda vann fram i Stortinget til slutt – etter vedvarande debatt og politisk kniving.

Eldremilliarden som vart bevilga av Stortinget i 1990 synte seg i ettertid å gå til mange andre føremål enn til rein eldreomsorg. Midlane vart t.d. nytta til innkjøp av datautstyr, samferdsel og utbetring av gardsplassar. Den gongen var det Ap, Frp og SV som saman presssa Syse-regjeringa til å yte midlane.

Presset i haust kom i første rekkje gjennom TV 2 sine avsløringar som synte at over 3.000 eldre ventar på sjukeheimsplass. I tillegg synte det seg at kommunar som oppga å ha ingen på venteliste i realiteten hadde fleire sterkt pleietrengande som budde heime og som avgjort burde vore pasientar på sjukeheim. Denne situasjonen opprørte mange og presset frå media, dei eldre og deira pårørande, dei eldre sine organisasjoner og opposisjonen vart etter kvart svært stort.

Statsminister Stoltenberg lanserte noko overaskande  julegåva om ein milliard meir til eldreomsorg i kommunane på ein pressekonferanse fredag 12.11.10. Desse pengane kjem i tillegg til det som allereie ligg fast i statsbudsjettet. I denne bodskapen ligg at regjeringa aukar investeringstilskottet til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med kr. 230.000 pr. plass – 10 %. Milliarden vert gjeven tilbakeverkande kraft for alle som har fått tilskott sidan ordninga starta opp i 2008. Dette høyrest bra ut.

Regjeringa fann ein milliard ekstra til kommunane i nysalderinga av budsjettet for 2010, som følgje av at skatteinngangen til staten har vore større enn det i utgangspunktet hadde vore rekna med. Det er no å håpe at det ikkje går som for 20 år sidan, men at pengane går dit dei skal og kjem dei pleie- og omsorgstrengande eldre til gode.

I følgje Kommunal Rapport av 18.11.10 (s.7) har kommunalminister Navarsete mana til varsam bruk av eldremilliarden og har m.a. uttala følgjande: «Pengene bør brukes til å nedbetale gjeld, eller de kan settes i fond. Det vil gi kommunene økt handlingsrom og frigjøre penger til drift».

Min heimekommune, Surnadal, har gjennom mange år hatt ein svært høg eigenbetalingssats på sine tryggleiksalarmar samanlikna med andre kommunar på Nordmøre og i Midt-Norge. Satsen gjekk rett nok noko ned ved siste budsjettbehandling, men den er framleis høg. Dette kan dokumenterast.

Surnadal eldreråd har i si oversikt over prioriterte oppgåver rådet vil arbeide med i år og komande år ført opp gratis tryggleiksalarm eller i alle høve ei halvering av eksisterande eigenbetalingssats. Dette tiltaket er ført opp som nr. 2 på eldrerådet si prioriteringsliste.

Etter mitt skjøn er dette eit typisk døme på korleis Surnadal kommune kan bruke noko av sin del av eldremilliarden på. Ein slik pengebruk vil heilt klart kome dei eldre til gode. Så her er det i grunnen berre å svinge seg i rundt og setje i gang!

Slik eg ser det burde eldremilliarden vore øyremerka, slik at ein er sikker på at midlande kjem dit dei skal. Dette er nemleg pengar som sårt trengst til nødvendig pleie og omsorg av dei eldre i landet vårt.

Skrevet av: Johs. J. Vaag, folkevald og tillitsvald i frivillige organisasjonar