Illustrasjonsfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Illustrasjonsfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Dette er KS slik vi kjenner dei

Først trudde eg det var influensaen som slo meg ut, men nei. Det var KS. I deira første tilbod i forhandlingane om barnehagelærarane si arbeidstid sit dei framleis fast i 1972.

Tilbodet frå KS om prolongering av arbeidstidsavtala for barnehagelærarar, SFS 2201, er uhøyrt! Erfaringar og undersøkingar som er gjort etter sist forhandling viser klart og tydeleg at den noverande avtala ikkje er god nok. For det første burde det no vere klinkande klart at 4t planleggingstid i veka er for lite for den enkelte barnehagelærar!

For dei aller fleste vil det vere logisk at timetalet ein har til planlegging bør spegle dagens oppgåver og utfordringar, ikkje barnehagen slik den var i 1972. Då barnehagelærarane fekk avtalefesta 4t for over 40 år sidan fantes ikkje eingong barnehagelova eller Rammeplan for barnehage. At KS som kommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon ikkje viser forståing for dette er utruleg skuffande.

No er eg sjølvsagt klar over at KS ikkje meiner at vi ikkje kan få meir tid til planlegging, men dei meiner at det skal vere opp til den enkelte leiar å gi ”nødvendig tid”. I tilbodet skriv dei at ”Det er først og fremst et lederansvar å legge til rette for at arbeidstiden brukes til barnehagebarnas beste. Pedagogene i barnehagen må gis mulighet til å planlegge og å utføre oppgaver på best mulig måte ut fra barnehagens sammensetning og behov.” Å plassere ansvaret lokalt på denne måten vil berre bety at ingenting endrar seg.

Det vil igjen bety skilnader for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet barnehagebarna får rundt om kring i landet. Ein barnehagelærar som har 6t eller meir vil naturlegvis kunne følgje opp barna på ein grundigare måte, samanlikna med ein som har 4t eller i verste fall mindre. Rapporten ”Tid til faglighet” (oktober 2015) viser nemleg at ein tredjedel av barnehagelærarane i undersøkinga ikkje eingong får sine 4t planlegging!

I fjor haust var det lærarane i grunnskulen og vidaregåande skule som kjempa kampen om si arbeidstid, der dei ynskja ei avtale som mellom anna sikra at dei fekk meir tid til kvar elev! No er det altså barnehagelærarane sin tur til å få den same respektlause behandlinga som KS ga lærarane i starten av fjorårets streik. Dette kan vi ikkje godta! Det vi ynskjer er ei arbeidstidsavtale som gir oss tilstrekkeleg tid til å gjere eit kvalitativt godt planleggingsarbeid til det beste for det enkelte barn.

KS ynskjer at vi skal halde fram med å leike barnehage frå 1972. Gjer vi det finst det ingen reell moglegheit til å gjere arbeidsoppgåvene våre godt nok. Då må arbeidsgjevarsida fjerne alle lovdokument og målformuleringar som seier noko om kva pedagogisk tilbod barn har krav på i dag. Kan du gjere det KS? Nei? Tenkte meg det. Ikkje kan du styre staten, og ikkje kan du styre kommunane. Alle dei oppgåvene om planlegging, utvikling, kvalitetssikring, kartlegging, dokumentering, rapportering, oppfølging, individet sine rettar opp mot omsynet til barnegruppa og vidare. Alt dette kallar vi kvalitetssikringssystem. Desse er i dag umoglege å oppnå i og med at barnehagelærarane ikkje har ei arbeidstidsavtale som respekterer omfanget av ansvar og oppgåver som dei har.

Etter 40år må arbeidstidsavtala for barnehagen tilpassast 2015. KS kan ikkje stikke hovudet i sanden og leike 1972. Det er uansvarleg.