Debatt

I mange barnehagar er rådande praksis at arbeidsoppgåver følger vakter, uavhengig av kompetanse, skriv Hege Fimreite og Astrid Bakken.
I mange barnehagar er rådande praksis at arbeidsoppgåver følger vakter, uavhengig av kompetanse, skriv Hege Fimreite og Astrid Bakken.

Flat struktur i barnehagen må avviklast

Den flate kulturen i barnehagane handlar truleg om misforstått likeverd, men kan hindre barnehagelærarane i bruk av fagkunnskap og fagfellesskap.

Publisert Sist oppdatert

Som tilsette i barnehagelærarutdanninga samarbeider vi med leiarar og barnehageeigarar i ulike samanhengar, og blir overraska over «det flate» som møter oss.

Bør til dømes observasjonar av barn som strevar, fordelast på alle tilsette?

I samarbeid med barnehageeigar om utvikling av kompetansepakkar, er bestillinga at kompetansepakken skal vere for alle tilsette. Vi møter ei forventning om at høgskulen sine vidareutdanningar for barnehagelærarar skal tilpassast alle.

Også Utdanningsdirektoratet utviklar kompetansepakkar for barnehagebasert kompetanseutvikling tilgjengeleg for alle. Vi ønsker å diskutere om dette «flate» er det beste for barna, for samfunnet og framtida.

Tydelegare arbeidsdeling skal vere på veg inn i barnehagen. Vårt inntrykk er at flat struktur enno står sterkt. Intensjonen er truleg god, men ikkje konsekvensane. I mange barnehagar er rådande praksis at arbeidsoppgåver følger vakter, uavhengig av kompetanse.

Lik fordeling av arbeidsoppgåver utfordrar barnehagelæraren sin autoritet, men også kvaliteten på tilbodet til barna. Bør til dømes observasjonar av barn som strevar, fordelast på alle tilsette?

Ein styrar omtalar arbeidsdelingsdiskusjonen som «eit vepsebol å stikke hovudet inn i», eit «vepsebol» vi finn spor av når «personalet» og «vaksne» blir valt framfor «barnehagelærar».

Omtalen av «den vaksne» i skulekonteksten er fråverande, og vi ønsker å avvikle den flate strukturen også i barnehagen.

Kulturen i den flate barnehagen inkluderer alle, med visjonen «alle er like viktige». Vi spør oss om kompetanse her blir forveksla med menneskeverd. Kurs og kompetanseutvikling for barnehagen er ofte retta mot alle tilsette. Møter og samhandlingsarenaer inkluderer alle og er prega av erfaringsutvekslingar og praktisk planlegging, og gir ikkje i stor grad rom for barnehagelæraren sitt særskilde ansvar som profesjonsutøvar.

Den flate kulturen handlar truleg om misforstått likeverd, men kan hindre barnehagelærarane i bruk av fagkunnskap og fagfellesskap.

Ein digital diskusjonstråd i «Foreldre og Barn» inneheld utsegn om at alle tilsette bør observere og kartlegge barna, fordi alle veit mykje om barn og fordi observasjonar er å berre notere ned det ein ser. Slike utsegn kan handle om manglande kunnskap om observasjonar av barn, men kan vere eit resultat av misforstått likeverd.

Strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage» omtalar barnehagelæraren som nøkkelen til kvalitet i barnehagen, men blir barnehagelæraren som profesjonsutøvar framheva i relevante lokale og nasjonale dokument?

Barnehagelæraren er nemnt éin gong i rammeplanen for barnehagar, mens «personalet» er nemnt 51. Undergrev slik språkbruk profesjonskunnskap, eller er ønska barnehagekunnskap allmennkunnskap om barn? Erfaring frå arbeidslivet blir rådande kunnskapsbank, og «vaksne» og «personalet» blir den rette omtalen av tilsette.

Barnehagelæraren sitt profesjonelle ansvar er framheva i ulike samanhengar. I barnehagen trer barnehagelæraren sitt ansvar tydeleg fram når det gjeld vanskelege foreldresamtalar, men er dessverre mangelvare i diskusjonen kring kompetanse.

Eit skikkeleg skremmeskot er at både Utdanningsdirektoratet, barnehageeigar, barnehageleiarar og høgskule ser ut til å ønske kompetanseutvikling som inkluderer alle. Institusjonar som forvaltar kunnskap, kan ved å inkludere alle i alt spenne bein under barnehagelæraren sin kunnskap og autonomi.

Professor Jens-Christian Smeby ved OsloMet viser til den svake og utydelege arbeidsdelinga i barnehagen, og framhevar at barnehagelæraryrket neppe vil utvikle seg til ein profesjon om kunnskapsbasen er diffus og arbeidsoppgåvene like. Smeby kan komme til å få rett i dette, om ikkje barnehagelæraren sin fagkunnskap vert meir verdsett.

Vi ønsker å snakke fram ein kompetansedrivande barnehage som evnar å realisere barnehagen sitt samfunnsmandat, ein lærande organisasjon med barnehagelæraren som autonom profesjonsutøvarar i førarsetet. Fagspråk erstattar kvardagsspråk, fleirstemmige læringsfellesskap erstattar praktiske møter, og faglege vurderingar får forrang for lite føremålstenlege krav.

I denne barnehagen er det eit uttalt skilje mellom barnehagelærar og det øvre personalet når det gjeld ansvar, oppgåver, kunnskap og kompetanse.

For å realisere den kompetansedrivande barnehagen må alle instansar som forvaltar kunnskap, synleg verdsette barnehagelærarane sin kunnskap, og barnehagelæraren må sjølv ikkje bidra til å spenne bein under sin faglege kunnskap og kompetanse.

Powered by Labrador CMS