Debatt

Mange kommunar lurer på kva det kostar å sikre seg mot flaum og ras. Eit vel så viktig spørsmål er: Kva kostar det ikkje å sikre seg? skriv forskarar ved SINTEF.
Mange kommunar lurer på kva det kostar å sikre seg mot flaum og ras. Eit vel så viktig spørsmål er: Kva kostar det ikkje å sikre seg? skriv forskarar ved SINTEF.

Så dyrt vert det å ikkje sikre hus og vegar mot flom

Snart får kommunane betre hjelp til å forstå kva ein flaum eller eit skred faktisk vil kosta.

Publisert Sist oppdatert

Klimaendringar fører til store kostnadar for samfunnet. Kostnadane kan vere direkte, som når ein må bygge opp att hus og vegar som vert tekne av ras eller flaum. Eller dei kan vere indirekte, som når ei avling vert øydelagt av flaum, og me må importera tilsvarande mengde korn frå andre land.

Modellen kan rekne ut kostnadar for alle typar flaumhendingar.

Det er gjort mykje arbeid for å forstå kva område i Noreg som er mest utsette for klimarelaterte hendingar. NVE sine faresonekart for flaum og skred er døme på dette. Fylke og kommunar sit og med kunnskap og kart som viser utsette område.

Likevel er det ei viktig brikke som manglar, nemleg det fulle bildet av direkte og indirekte kostnadar når kommunen og fylket vert ramma av flaum eller skred. Der slike verktøy finst, melder brukarar at dei er vanskelege å navigera i. Det har me ønska å gjera noko med i forskingssenteret Klima 2050 og innovasjonsprosjektet SamVann.

Me byggjer ein modell som estimerer detaljerte kostnadar for over 100 ulike bygningstypar, veg og veginfrastruktur i tillegg til landbruksareal. Ved å bruka offentleg tilgjengeleg data på høgde, hellingsgrad, bygningar, vegdata frå nasjonal vegdatabank og jordbruksområde har me eit godt grunnlag for å estimera kostnadsbildet ved til dømes ein flaum.

Modellen kan rekne ut kostnadar for alle typar flaumhendingar. Til no har me basert oss på NVE sine flaumsonekart for å kartlegge bygningar, område og infrastruktur som vert påverka av ein flaum, og dette er grunnlaget for kostnadsutrekningane. Kostnadsutrekningane baserer seg per i dag på tilgjengelege estimat frå nytte-kostnadsverktøy, som ofte igjen baserer seg på statistikk på byggekostnadar.

For å gjere modellen meir brukarvennleg har me og laga eit grensesnitt der brukaren vel kva kommune, hending og infrastruktur ho vil rekna ut kostnadar for. Modellen koplar seg opp mot relevante datakjelder for området, samanstiller data, reknar ut og lagar illustrasjonar. All kode relatert til modellen køyrer i bakgrunnen når brukaren trykker på «Rekn ut kostnadar».

Brukaren slepp dermed å sette seg inn i koden, og terskelen for å bruka modellen vert so låg som mogleg. Når utrekninga er ferdig, får brukaren ut ulike kartillustrasjonar og kostnadsestimat. I tillegg får brukaren detaljerte, interaktive kart over alle dei råka objekta og ein grafisk framstilling av kostnadsestimata.

Modellen er utvikla over fleire år, og vart i utgangspunktet utvikla for bygg og infrastruktur i Trondheim kommune. Den vert framleis utvikla og vil i løpet av året kunna køyrast for alle kommunar i Noreg. På sikt vil modellen og kunne rekne ut kostnadseffekt av å gjennomføra klimatilpassingstiltak.

Den viktigaste utviklinga er likevel å forbetra kostnadsestimata. I dag er desse estimata basert på byggekostnadar frå eksisterande nytte-kost-verktøy, og i liten grad erfaringstal. Me arbeidar for å få tilgang til og bruke forsikringsdata på skadar for enkeltbygningar. Når me veit nøyaktig stad og tidspunkt for tidlegare skadar, kan terrengdata (helling og høgde over havet), vêrdata (nedbør og vind) i tillegg til hydrauliske data som høgde på flaumvatn, hastigheit og varigheit på vassføring, nyttast til å forbetre modellen med estimat for kvar enkelt bygning eller veg. Dette vil vera eit stort steg fram frå dei forenkla kostnadsestimata som ligg i modellen no.

Derfor nyttar me sjansen til å oppfordra forsikringsbransjen og andre som sit på aktuelle data, til å dela desse. Ikkje berre vil dette bidra til at kommunar og fylke får betre estimat for kva klimaendringar vil kosta dei, men i tillegg vil alle, frå bustadeigarar, bank og forsikring til kommune og fylke, kunna tilpassa seg ei framtid med eit usikkert klima. Samfunnssparingane dette utgjer kan vera enorme.

Powered by Labrador CMS