Debatt

Sjå føre deg at same skjema skal signerast av 40 ordførarar, og posten har ombringing kvar tredje dag. Ja, du får rekna sjølv, skriv Rune Lothe.
Sjå føre deg at same skjema skal signerast av 40 ordførarar, og posten har ombringing kvar tredje dag. Ja, du får rekna sjølv, skriv Rune Lothe.

Snakke om det er ein ting – å gjere noko med det er noko anna

For dei 225 interkommunale selskapa som er organiserte etter IKS-lova, ser digital signering av dokument ut til å vere ein fjern draum.

Publisert Sist oppdatert

For desse selskapa er det framleis posten, papir og fysiske underskrifter på skjema og møtereferat som gjeld når digital innrapportering og samordna registermelding skal sendast til Foretaksregisteret.

Må det vere sånn? Svaret er sjølvsagt nei.

Medan dei fleste andre norske verksemdsformer som AS, ASA, samvirkeføretak, enkeltmannsføretak, stiftingar, foreiningar og kommunale oppgåvefellesskap kan rapportere digitalt, er det inga løysing i sikte for dei 225 interkommunale selskapa.

I eit møte januar sa Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet at interkommunale selskap laut smøre seg med tolmod, då ei digital løysing var langt unna for deira del.

Grunngivinga var at det er for dyrt å lage tilsvarande løysing som for alle dei andre. Så derfor ville departementa vidareføre gjeldande praksis der interkommunale selskap og eigarane deira tok både papirarbeidet og rekninga for meirarbeidet.

Hjå oss har vi hatt digital sakshandsaming, digitale møte og digitale signaturar i fleire år. Både dei som sit i styre og i representantskap, kjem frå kommunar i heile fylket, og det å reise for å samlast fysisk er ganske upraktisk til tider.

Vi kommuniserer digitalt med rekneskap og revisor og tildeler, og styrer rettar og roller i Altinn nærast kvar veke.

At vi må printe ut digitalt signerte dokument og ta med oss bunkevis med papir for å køyre rundt i Vestland for å få fysiske signaturar på skjema og dokument er – ja, kva skal vi eigentleg seie til slikt?

Og for deg som tenker: Kvifor kan de ikkje berre senda skjema rundt med posten, då?

Sjå føre deg at same skjema skal signerast av 40 ordførarar, og posten har ombringing kvar tredje dag. Ja, du får rekna sjølv …

Og prøv du gjerne å overtyde travle folk om å reise åtte timar t/r i bil på rasfarlege vestlandsvegar for å signere på eit dokument med kulepenn, når dei går rundt med BankID og signaturløysing i lomma.

Ofte vert det slik at når skjema kjem tilbake frå «signingsferda», er opplysningane utdaterte, og du ser deg nøydt til å starte heile prosessen på ny.

Eg veit om nokre interkommunale selskap som feirar med fridag og blautkake i kantina når dei for ein gong skyld klarar å få oppdatert ei opplysning hjå Foretaksregisteret.

Må det vere sånn? Svaret er sjølvsagt nei. Vi har både ein digitaliseringsminister, eit digitaliseringsdirektorat (Digdir) og Altinn 3-plattforma for utvikling av digitale tenester i Altinn.

Vi har Digifin-ordninga der kommunar til saman stiller med over 100 millionar kroner i utviklingsmidlar. I tillegg kjem Stortinget, som skal satse stort på digitalisering og ønsker å løyve 1 milliard til kunstig intelligens over statsbudsjettet.

Her ligg med andre ord mykje, om ikkje alt, til rette for faktisk å gjere noko.

Som ein lågthengjande gevinst føreslår eg at digitaliseringsministeren fyrstkommande måndag sender skriftleg instruks frå departementet til Foretaksregisteret om å godta digitale signaturar tilsvarande BankID for endringar i Samordna registermelding, og at Foretaksregisteret er pliktig å ta mot digital post via Altinn/SVAR INN. Job done!

Powered by Labrador CMS