Debatt
Vasskrafta - juvelen i vår nasjonalformue - på utsal
Regjeringas forslag til endring i industrikonsesjonsloven og vassdragsreguleringsloven er historias største statlege konfiskering av eigedom.
Alle kraftverk her i landet går over til staten etter 75 år, utan vederlag. Berre privateigde kraftverk får erstatning. Statens oppgåve blir å formidle vidaresal av kraftverk til blant annet private. Kapitalsterke utlendingar blir oppmoda om å melde seg. Statkraft skal bli AS. Fritt sal av eksisterande kraftverk. Slutt på forkjøpsrett til vassfall for fylke og kommunar. Slutt på konsesjonskraft til utbyggingskommunane.
Den formelle grunn til at regjeringa vil endre konsesjonslovene er at ESA i ei fråsegn av 20. februar 2002 protesterte mot heimfallsretten som er nedfelt i våre konsesjonslover frå 1917, og som dei hevdar er i strid med EØS-avtalen. EØS-avtalen hadde fungert i ti år før vi høyrde noko frå Brussel. Da den formelle innvendinga kom, hadde regjeringa alt sett ned ei interparlamentarisk arbeidsgruppe med formål “å harmonisere konsesjonslovene mellom offentlige og private aktører, og gi beslutningsgrunnlag med hensyn til hvordan en eventuell harmonisering bør gjennomføres.”
Det ser ut som om regjeringa og ESA frå første stund har spelt på lag i denne saka, og derfor var det vel ikkje aktuelt å nytte vetoretten. Med bakgrunn i stortingsbehandlinga av EØS-avtalen er dette meir enn rart. For Stortinget la nemleg til grunn “at ordningen med offentlig eie, statens forkjøpsrett og hjemfall til staten derfor er forenlig med EØS-avtalen.”
Det ser likevel ut som den reelle grunn til at regjeringa tar opp denne saka ikkje er protesten frå Brussel. Energilova frå 1991 må vere den eigentlege grunnen til at departementet meiner det no er nødvendig med omfattande endringar i gjeldande konsesjonslover. Det blir peika på at kommunar og fylkeskommunar hadde oppdekkingsplikt, men “etter restruktureringen av kraftmarkedet på 1990-tallet har de offentlige aktørenes rolle blitt vesentlig endret. Kraften leveres nå i et felles nordisk kraftmarked uavhengig av om produksjonen kommer fra offentlig eide eller privat eide kraftverk. Den opprinnelige forutsetning for ulike rammevilkår for private og offentlige aktører har dermed falt bort.”
Konsesjonar som hittil er gjevne på ikkje avgrensa tid, dvs. til fylke og kommunar (den såkalla heimfallsretten), blir no foreslått endra til tidsavgrensa konsesjonar på 75 år for alle konsesjonar, rekna frå lovendringstidspunktet. Kraftverk eigd av fylke eller kommune blir, når konsesjonen går ut, overført til staten utan vederlag. Privateigde kraftverk skal derimot få erstatning.
Etter gjeldande lov har staten forkjøpsrett til konsesjonspliktige vassfall. Nyttar staten ikkje sin rett, går han over til fylke. Viss fylke ikkje er interessert, får kommunen forkjøpsretten. Departementet har kome til, står det i høyringsutkastet, at på bakgrunn av dei nye forhold i energisektoren, der fylkeskommunane og kommunane skal behandlast på same måte som private, er det ikkje lenger grunnlag for “å opprettholde fylkeskommunens subsidiære forkjøpsrett etter gjeldande lov ¤ 9 og fylkeskommunens og vedkommende kommunes subsidiære fortrinnsrett etter ¤ 10.” Etter lovforslaget blir desse rettane oppheva. Men også for staten blir denne forkjøpsretten oppheva.
Private vil no kunne kjøpe eksisterande kraftverk, og private utanlandske investorar er likestilte med private innanlands. Det blir såleis lagt til rette for sal av norske vassfall og kraftanlegg til utlandet. Vi kan lesa at “dagens konsesjonsregler må antas å ha virket begrensende på utenlandske eierskap i norsk kraftproduksjon. Det samme gjelder for norske private interesser.” Det blir minna om at norske direkte investeringar i utlandet har i stor mon vore retta mot naturbaserte næringar. “En eventuell økning av utlendingers eierdel i norsk kraftnæring vil derfor reflektere en allmen utvikling med sterk vekst i grensekryssende investeringer”, heiter det.
Statkraft SF, som vart skipa i 1992, er fullt eigd av den norske stat. Føretaket er pålagt å drive si verksemd etter forretningsmessige prinsipp. Etter St.meld. nr. 22 (2001-2002) - Et mindre statlig eierskap - “vil det bli tatt initiativ til å omdanne foretaket til aksjeselskap. Det åpnes dessuten for industrielle løsninger der Statkraft inngår, og der staten ikke lenger vil være eneeier. Overgang til markedstilpasning i kraftnæringen tilsier at offentlige og private aktører bør underlegges like vilkår.”
I dei fleste transaksjonane som gjeld fallrettar og kraftanlegg er det Statkraft SF som har vore kjøparen, og som, i motsetnad til private, har kunna erverve fallrettar utan heimfallsvilkår. Vidare står det i høyringsnotatet: “Hensynet til effektiv konkurranse i kraftmarkedet setter grenser for Statkraft SFs ekspansjon innenlands, og potensielle kjøpere i dette markedet kan dermed bli enda færre dersom gjeldende regler opprettholdes. En innelåsing av eierposisjoner kan virke negativt for verdiskapningen i sektoren. Nye eiere som potensielt kan tilføre selskapene ressurser, og bidra til effektivisering av selskapsstrukturer for å oppnå en mer rasjonell drift, holdes ute. Samtidig kan det redusere kommunenes og fylkeskommunenes muligheter for å realisere kapital som er bundet i kraftproduksjon.” Etter dette blir det ikkje berre lagt til rette for utanlandsk oppkjøp av norske vassfall og kraftverk, det bli oppmoda til det!
Etter eksisterande lover har kommunar, der utbygde reguleringsanlegg ligg, rett på å få tildelt konsesjonskraft på rimelege vilkår (inntil 10 prosent av gjennomsnittleg kraftmengde ). Etter forslaget vil kommunane misse denne retten.
Spørsmålet om kommunen sin del av kraftverk som staten overtar ved heimfall, vart sist behandla av Stortinget i Innst. S. nr. 167 for 1982-83. Stortinget bestemte då at lovens maksimum på ein tredel skal vere avgrensa til mindre kraftverk. Etter det nye forslaget vil kommunane ved forfall få kraft etter følgjande fordelingsnøkkel:
For dei første 250 GWh (uendra) 33 prosent, for dei neste 250 GWh 10 prosent, for dei neste 500 GWh 5 prosent, og utover 1.000 GWh 0,5 prosent. Samla utgjer dette 10-15 prosent av kraftmengda, og som kommunane får i staden for konsesjonskraft.
Når ei bedrift ynskjer å utvide eigarskapet, blir det gjerne grunngjeve med behovet for meir kapital og kompetanse. Staten er stinn av oljepengar. Det er som redaktøren av Dagsavisen skriv, at ein meir kapitalsterk eigar enn den norske stat kan derfor Statkraft neppe drøyme om. Statkraft har dessutan sjølv den beste kompetanse og dei flinkaste fagfolka på energiområdet. Det finns derfor ikkje eit einaste godt bedriftsøkonomisk og samfunnøkonomisk argument for å selje eigardelar i Statkraft til kapitalsterke utlendingar.
Vasskrafta har i meir enn hundre år vore det norske folk sin eigedom. Statleg eigarskap og heimfallsretten er vårt beste og siste vern av denne eigedomen. Går det som no ligg føre igjennom, er det slutt på det. Juvelen i nasjonalformuen - vasskrafta - skal på utsal! Det går klart fram at forslaget om at alle blir underlagt heimfall til staten, ikkje er fremja for at staten skal styre kraftsektoren her i landet. Statkraft SF kan nemleg ikkje ta imot meir kraft, det vil konkurransetilsynet nekte. Den nye heimfallsordninga skal gjere staten til ein formidlar. Han skal fritt kunne selje kraftressursane her i landet til private - og regjeringa sender oppmoding til kapitalsterke utlendingar om å melde si interesse. Ved energilova frå 1991 vart energiomsetnaden privatisert. No gjeld det privatisering av sjølve produksjonen.
Med tanke på ei gjennomgripande privatisering, er opplegget frå regjeringa smart gjennomtenkt. Når fylke og kommunar gratis må gi frå seg kraftverka om 75 år, seier det seg sjølv at kraftverka så snart som muleg blir selde til private. Av di det her er verdiar på titals milliardar kroner, er det nødvendig, som regjeringa peikar på,at vasskrafta vår også blir tilbydd pengesterke utlendingar. Det er symptomatisk at berre eksisterande private kraftverk skal få erstatning. Det betyr i praksis at staten lar dei private behalde sine kraftverk utan noko mellomlegg i form av pengar.
Regjeringa sitt forslag til ny heimfallsordning m.m. betyr at marknadskreftene også innan kraftproduksjonen blir slepte laus til å herje vilt. På lengre sikt er dette opplegget slik at 80-90 prosent av vasskraftressursane her i landet kan kome på private hender, med betydeleg utanlandsk innslag. På eit tidspunkt då det er bevist at marknadskreftene har spela fallitt når det gjeld energiomsetnaden, skal ein altså få endå meir marknadsliberalisme for å reparere eit system som er i djup krise.
Viss det av omsyn til EU-medlemskap er nødvendig å endre konsesjonslovene slik regjeringa gjer framlegg om, må dette bli ei alvorleg samvitssak for mange av oss på ja-sida.