Nyheter

Ordførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord er superivrig etter å få igang verdas første elektriske rutefly mellom Sunnfjord og Bergen. Men staten må inn med pengar, meinar ho.
Ordførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord er superivrig etter å få igang verdas første elektriske rutefly mellom Sunnfjord og Bergen. Men staten må inn med pengar, meinar ho.

Ordførar håpar å bli med på verdas første elrutefly

Innan fem år håpar ordførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord at ho kan sette seg på det første elektriske flyet mellom Førde og Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Vestland fylkeskommune har vedteke å samarbeide med Sunnfjord kommune og Sunnfjord Utvikling AS om å etablere ei pilotrute for elfly mellom Bergen og Sunnfjord. Målet er å få verdas første batteridrivne rutefly på vengene.

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) trur at det vil bli mogleg å fly elektrisk mellom Sunnfjord og Bergen om tre til fem år. Ho ser føre seg fire-fem daglege flygingar.

Men før den tid trengst det pengar. Og desse må komme frå staten, meiner ho.

Noreg har som mål at norsk luftfart skal vere fossilfri innan 2050.

Utviklingskontrakt

Flytilbodet mellom dei to vestlandsbyane Bergen og Førde vart borte i 2020. Grunngivinga var for få passasjerar. Denne ruta var ei av dei 21 FOT-rutene i landet.

FOT-rute er ei ordning der staten sponsar flyruter der det ikkje er kommersielt lønnsamt å fly.

– Vårt forslag er at når nytt anbod blir lyst ut 1. april 2024, blir det blir lagt inn ein utviklingskontrakt for ruta Førde–Bergen. Då vil ein kunne bruke fireårsperioden anboda gjeld, til å utvikle eit sertifisert elfly, seier Følling.

Ønsket om ei utviklingskontrakt med staten kjem etter god erfaring med utvikling av den første heilelektriske ferja i verda. Den har kryssa Sognefjorden sidan 2015.

– På 60-talet var det elbilfabrikk på gang i Førde, men det var for tidleg for marknaden. Er det for tidleg med elfly også?

– Nei. Elfly kjem. Men det handlar om at nokon må ta utviklingskostnadane. Alle sa det var for tidleg med elferje også, seier Følling.

Det første elruteflyet mellom Bringeland og Flesland vil truleg ha plass til 9 eller 19 passasjerar.

Batteriteknologien for elfly er under utvikling. Men sjølv om teknologien er venta å endre seg dei næraste åra, vil framleis batteria ha høg vekt. Derfor er både rekkevidd og antal passasjerar ei utfordring. 

Forprosjekt

Vestland fylkeskommune har gjennomført eit forprosjekt for elfly. I den konkluderer Transportøkonomisk institutt (TØI) med at Noreg er ideell for elfly, mellom anna fordi det er mange lufthamner i høve til folketalet, og dei fleste flyplassane har kort avstand til kvarandre.

Mellom flyplassen i Bringeland i Sunnfjord og Flesland i Bergen er det 125 kilometer i luftline, 25 minutt flytid.

– Ser mot togtilbodet i aust

Følling samanliknar kortbanenettet med togtilbodet på Austlandet.

– Vi er svært avhengige av Widerøe og flyrutene til Oslo, men vi manglar same tilbodet til Bergen. Det handlar om at vi legg til rette for arbeidsliv og næringslivet langs vestlandskysten. Difor er det viktig med hyppige avgangar, meiner Følling.

– Er Sunnfjord klar for å bli testarena for elfly?

– Dette handlar om korleis vi riggar lufthamnene våre. Å rigge Flesland for testflyging er eit viktig og framtidsretta grep. På Bringeland er det allereie eit flymiljø med helikopterbase og flyklubb.

Mer fornybar kraft

– Og straum til flya?

– Skal ein elektrifisere, må det produserast meir fornybar kraft. Regjeringa må komme med ein plan. Vi kan ikkje gløyme klimaendringane heller.

– Kor berekraftig er det eigentleg å legge opp til meir flyging?

– Vi kan reise mindre enn i dag, men ein del bedrifter har funksjonar som gjer at dei er avhengige av å reise, som Helse Førde og Statsforvaltaren. Å køyre bil 3,5 timar gjer noko med mobiliteten. Dette handlar om kvardagslivet til folk. Utan god mobilitet, blir alle funksjonar sentralisert.

Vestland fylkeskommune får 205.000 kroner i Kimasats-midler til elflysatsinga i år.

– Det er ein liten sum, men ei anerkjenning for jobben som er gjort slik at ein sjå på det inn mot flyruteanboda, seier Følling.

Powered by Labrador CMS