Kommentar
Musikken utanfrå
Den som måtte tru at den største trusselen mot lokaldemokratiet er låg valdeltaking, vender blikket i feil retning.På vei til TingetLes tidligere gjestekommentarer
Dei som har skoa på, veit kor dei trykkar, heiter det. Sidan 1837 har me hatt prinsippet om lokalt sjølvstyre i Noreg, der avgjerder skal bli tatt så nært folk som mogleg.
Tanken er at dei som lever i lokalsamfunna, også har detaljkunnskapen som må til for å ta gode avgjerder i lokale saker. Det som fungerer godt ein stad, passar ikkje like godt ein annan stad.
Det lokale sjølvstyret har samtidig ei anna side: Det legg til rette for eit levande folkestyre, der innbyggarar flest kan påverka saker dei er opptatt av, fordi avstanden mellom innbyggarar og folkevalde er kort. Me kjenner kvarandre, og terskelen for å ta kontakt er låg.
Det eg har sett av politiske prosessar så langt, har gitt betre argument for å gå turar eller kikka på tv-seriar.
I løpet av dei snart 200 åra sidan formannskapslovene og det lokale folkevalde nivået kom på plass, er det heller ikkje få som har fått trening i å styra gjennom erfaringa i lokale verv. Saman med arbeidet i lag og organisasjonar, har folk på den måten lært seg kunsten å fremma saka si, forhandla og kompromissa, og få gjennomslag.
For det er ein kunst. Sjølv hadde eg årevis av organisasjonserfaring og relevant arbeidserfaring før eg vart folkevald for to år sidan. Likevel har dei to åra vore eit intenst krasjkurs i offentleg saksgang, maktfordeling, planhierarki og lokaldemokrati. Og ofte, dessverre: Mangelen på demokrati.
Det finst gode eksempel også, og det står ikkje på det folkelege engasjementet, som me elles høyrer så mange klagar på. Ein nærskule blei redda etter sterk innsats frå bygda sjølv, som snudde nedleggingsinnstillinga frå administrasjonen til eit samrøystes vedtak i kommunestyret for å vidareføra skulen.
Men jo sterkare krefter som er i sving frå andre kantar, jo mindre plass er det til innbyggarane i prosessen. Og her på Jæren står kampen særleg om areala me lever på og lever av: Jordbruksjorda og naturen.
Kommuneplanar er i teorien ei god ramme for det lokale folkestyret, og eg har blitt så sær etter to år at eg har utvikla varme kjensler for plan- og bygningslova. Følgjer me både ånd og bokstav i denne lova, sikrar det medverking, openheit, langsiktig planlegging og (sannsynlegvis) god forvalting av areala våre.
Men det er i teorien. Verkelegheita liknar meir på det Bismarck skal ha sagt: At korleis pølser og politikk blir til, vil du helst ikkje vita noko om.
Den som måtte tru at den største trusselen mot lokaldemokratiet er låg valdeltaking, vender blikket i feil retning. Eg er tvert imot imponert over at såpass mange stemmer og håper på det beste, igjen og igjen. For det eg har sett av politiske prosessar så langt, har gitt betre argument for å gå turar eller kikka på tv-seriar.
Det er faktisk ikkje statleg detaljstyring som er det største problemet heller, sjølv om eg godt kunne tenka meg mindre øyremerking og millimetermåling, slik at me lokalt kan bruka meir av det gode vettet me meiner at me har.
Statsforvaltaren er dessutan parkert på sidelinja, og representerer sjeldan noko meir enn ein irettesettande peikefinger når arealplanar går på tvers av nasjonale mål for jordvern og naturvern. Kommunane må jo få lov til å bygga, er beskjeden frå høgaste hald.
Nei, trusselen mot lokaldemokratiet kjem frå ein lukka politisk elitekultur, i kombinasjon med mangelen på nasjonal, demokratisk styring. Avgjerder blir tatt på bakrommet, i dei små samtalane som ikkje finst i noko referat eller sakspapir.
Og premissane blir lagt av sterke pengeinteresser som ser sitt snitt når det ikkje finst planar for korleis areal, kraft og kompetanse skal koma fellesskapet til gode.
Kommunar blir spelt ut mot kvarandre i ein innbilt konkurranse om arbeidsplassar og skatteinntekter, som ofte viser seg å gi lite av begge delar. Og på vegen blir verdifulle areal ofra, og innbyggarane blir behandla som barn eller som hår i suppa: «Me høyrer kva de seier, men me veit best.»
Vindkraftutbygginga var den første store runden. Lokaldemokratiet blei dels tatt på senga og dels overkøyrt, og resultatet er eit kraftig folkeleg engasjement i det konsekvensane har blitt tydelege.
Den neste runden, som me står midt oppi no, er etablering av datasenter og batterifabrikkar. Endå ein gong har nasjonale styresmakter abdisert frå rolla som ivaretakar av det felles gode. Staten opptrer i staden som bransjens forlenga arm, og legg ein raud løpar framfor selskapa med skattelette, subsidiar og ekstra marknadsføring.
Slik blir lokaldemokratiet sett under eit kraftig press. Ein ting er at tonen kan bli hardare mellom politiske motstandarar i kommunestyret. Det som bekymrar meg meir, er at innbyggarane sin kunnskap og engasjement blir gitt mindre vekt. Lokale folkevalde lyttar heller til den forførande musikken ovanfrå og utanfrå.
Den langsame demokratiseringa som starta med formannskapslovene i 1837, har dei siste tiåra blitt sett tilbake. Viss innbyggarane skal vera politiske aktørar og ikkje undersåttar, må vilkåra for det lokale sjølvstyret endrast. Det er ei nasjonal oppgåve.