Eg må seie det er ei stor ære å bli trekt fram. Det er jobben som alle rundt meg gjer i Førde kommune, like mykje som meg som person, dette handlar om. Eg har eit veldig godt lag rundt meg, seier Ole John Østenstad om nomineringa. Foto: Jostein Vedvik
Eg må seie det er ei stor ære å bli trekt fram. Det er jobben som alle rundt meg gjer i Førde kommune, like mykje som meg som person, dette handlar om. Eg har eit veldig godt lag rundt meg, seier Ole John Østenstad om nomineringa. Foto: Jostein VedvikJostein Vedvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Har gjort kommunen til eit mønsterbruk

Dei fire siste åra har Førde vore heilt i toppsjiktet på Kommunebarometeret, og i år gjekk Førde  og rådmann Ole John Østenstad heilt til topps. Økonomien som tidlegare ikkje var så mykje å skryte av, er no nær dei 100 beste i landet. 

PROFIL 2

Ole John Østenstad (62),  prosjektleiar for Sunnfjord

Juryens grunngiving

Han har gjennom 30 år som assisterande rådmann og rådmann jobba målretta for å snu Førde frå gigantunderskot til mønsterbruk, som i år gjorde at kommunen gjekk til topps i Kommunebarometeret.

 

Slik stemmer du på Ole John Østenstad: Send kodeord PROFIL 2 til nr 2377. Hver stemme koster 3 kroner. 

Ordførar i Førde Olve Grotle (H) er ikkje overraska over at Østenstad vert trekt fram som kandidat til Årets kommuneprofil.

– Det er ein naturleg kandidat og ein naturleg vinnar! Han har ein stor del av æra for at Førde har etablert seg som ein kommune med høg kvalitet, noko plasseringa i Kommunebarometeret stadfestar.

Grotle meiner Østenstad har spelt godt på lag med politikarane, samstundes som han er ein tydeleg rådmann.

– Ole John er ein sterk rådmann. Han er ikkje redd for å vise eit tydeleg kroppsspråk når det kjem til spørsmål om økonomi, og om han meiner politikarane vert for ivrige til å innføre nye driftstiltak og investeringar. Av og til er det nok ein og annan politikar som synest rådmannen har vore for tydeleg, men så veit vi at det er viktig å ha økonomien på plass. 

Då Sunnfjord kommune skulle finne kommunedirektør, vart Østenstad vald.

«Utvalet har lagt vekt på å rekruttere ein prosjektleiar/rådmann med strategiske evner, gode leiareigenskapar, personlege eigenskapar og vilje til å leie den nye kommunen i indre Sunnfjord (…) Østenstad har brei og solid utdanning, yrkeserfaring og vilje til å bygge eit leiarteam som tek eit felles ansvar for å utvikle ein ny og framtidsretta kommune», heiter det i innstillinga då Østenstad fekk jobben med å leie den nye kommunen. 

– Det var ei populær tilsetting. Eg kan seie det same om han som prosjektleiar som rådmann. Vi er godt i rute. For spøk har eg sagt at vi nesten kunne ha starta opp 1. januar 2019. 

Østenstad har litt annleis bakgrunn enn mange andre toppleiarar. Han er utdanna jordskiftekandidat og anleggsingeniør, og blei assisterande rådmann i Førde i 1988. I 2003 rykka han opp til rådmannsjobben.

– Eg er oppteken av at vi spelar på lag, men er tydelege og har ulike roller. Det skal vere minst mogleg gråsoner mellom politikk og administrasjon, seier Østenstad.

Les mer om kåringen av Årets kommuneprofil her

Dette er de andre kandidatene:

PROFIL 1: Lan Marie Nguyen Berg, I spissen for ambisiøs miljøpolitikk

PROFIL 3: Geir Davidsen. Raus sjef med stor entusiasme 

PROFIL 4: Egil Mølland, Mann med mange hatter og pågangsmot

PROFIL 5: Márjá Eira, En pådriver for gode tjenester

PROFIL 6: Nina Jentoft, I spissen for å snu et barnevern i krise