Norges Mållag
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Åtvarer mot at nynorsken kan tape i samanslåingar

Uroa ordførar får støtte i kampen for å ta vare på nynorsken i samband med kommunereforma.

– Kjem ikkje nynorsken styrkt ut av reformarbeidet, meiner Noregs Mållag det er rett å seia nei til samanslåing, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Reaksjonen kjem etter at ordførar i Åseral Oddmund Ljosland (Sp) før helga åtvara mot at målforma kan lide stor skade i samband med kommunereforma.

– Det er lettare å ta vare på den lokale kulturen og språket i ein liten kommune. Eg er heilt overtydd om at nynorsken vert kraftig utfordra om vi vert ein del av ein større kommune. Dialektane ligg nærare nynorsken enn bokmål Om nynorsken forsvinn frå kommunane, svekker vi dialektane, sa Ljosland til NRK.

– Mange stader taper nynorsk i desse forhandlingane, og mange stader er ikkje språket ein gong diskutert. Der nynorsken kjem i mindretal, syner det seg at det er svært vanskeleg å få gjennomslag for vedtak som er til det beste for nynorsken, meiner mållagsleiar Tennø.

I intensjonsavtalen om nye Jæren kommune, som kan samle ein nøytral og to nynorske kommunar, er det ikkje avtalt noko om målform for den nye kommunen.

– Særleg i randsonene for nynorsken ser det ut til at små nynorskkommunar kan verta slukte inn i nye språknøytrale kommunar eller bokmålskommunar, og at det ikkje er politisk vilje lokalt til å ta omsyn til nynorsken, åtvarar Tennø.