Eid og Selje har ikkje grense mot kvarandre. Ein bit av Vågsøy ligg i mellom dei to kommunane som no er samde om å slå seg saman.
Eid og Selje har ikkje grense mot kvarandre. Ein bit av Vågsøy ligg i mellom dei to kommunane som no er samde om å slå seg saman.
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Har ikkje felles grense – går saman likevel

Kommunestyrene i Selje og Eid vedtok torsdag å gå saman til ein ny kommune, med Nordfjordeid som senter.

– Dette er ein gledas dag for Selje kommune, sa ordførar Stein Robert Osdal (KrF) til NRK då resultatet vart klårt.

Det er knapt tre veker sidan forhandlingsutvala i kommunane vart samde om ein avtale.

I Selje var det 14 av 17 som røysta for samanslåing, medan resultatet i Eid vart 23 mot 6 røyster, skriv NTB.

Osdal meiner ikkje overraskande at avtalen dei to kommunane har inngått er god. Selje skal framleis ha nærings-, utviklings- og planavdeling i kommunen, medan ordførar og rådmann vert plassert i Nordfjordeid.

Den nye kommunen får om lag 8.800 innbyggarar. Av desse bur dei aller fleste i Eid.

– Særleg er det kystnæringa i Selje som vil vere senter i næringssatsinga i den nye kommunen, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har tidlegare tilrådd at Vågsøy og Selje gjekk saman. Vågsøy er plassert mellom Eid og Selje, som ikkje grenser mot kvarandre. At dei to no er samde om samanslåing kan auke presset på politikarane i Vågsøy.

I haust vart både Eid og Selje rekna som kommunar som ufrivillig vart ståande åleine.

Den nye kommunen vert langstrakt. Frå Stadlandet i Selje er det om lag halvannan time å køyre inn til kommunesenteret i Nordfjordeid, ifølgje Google Maps.

Målforma i den nye kommunen skal vere nynorsk.