Varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp), har ambisjonar om å bli ordførar i Haram. Kommunen riv seg laus frå storkommunen. – Eg gler meg til å kome i gang med ein ny kommune. Samstundes er det eit stort ansvar. Men ansvaret er også god motivasjon, seier han.
Foto: Tone HolmquistKlar for comeback som ordførar i nye Haram
Vebjørn Krogsæter (Sp) vil gjerne bli ordførar i gjenoppståtte Haram igjen. Men han vil sakne spennande representasjonsoppgåver i Ålesund.
FOLKEVALGT
I år er det kommunevalg. Kommunal Rapport vil fram mot valget intervjue kandidater til valget, men også de som takker for seg.
- Vebjørn Krogsæter
- Posisjon: Ordførarkandidat for Haram Senterparti og varaordførar i Ålesund.
- Bakgrunn: Byggmeister.
- Viktigaste sak: Alt som kan samlast under bulyst.
– Senterpartiet har stått i spissen for å lausrive Haram frå nye Ålesund, så du må vel rekne med å bli ordførar, slik du var før samanslåinga. Korleis blir det?